Moldeelevar på utstillinga: Tale Bognøy, Nutshaya Poonya, lærar Olavus Ræstad, lærar Tarjei Eide, Arn Olavus Ræstad, Beinta I Jakupsstovu (leiar Foreninga Norden), Thomas Hoås Wennevold
Ida Ellegaard
Tysdag 20. mai opna kunstutstillinga Inntrykk Avtrykk på Moldesenteret. 70–80 møtte fram for å sjå resultatet av det nordisk pilotprosjektet der elevar frå Molde vgs. og Tórshavn på Færøyane har samarbeidd digitalt om temaet «folk og natur – og møtet med turismen».
Initiativet kjem frå Foreningen Norden, Molde og omegn lokallag, som ønsker å styrke vennskap og kulturforståing mellom nordiske ungdomar. Prosjektet har fått støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Turisme vs. natur
Gjennom Teams-møte har ungdomane utvikla kunstverk som både provoserer og inspirerer. Moldeelevane har utforska korleis turismen påverkar naturen, mens færøyske elevar har uttrykt ambivalens til turiststraumen gjennom sterke måleri.
Frå Molde vidaregåande skule deltok elevane Tale Bognøy, Nutshaya Poonya, Arn Olavus Ræstad og Thomas Hoås Wennevold, frå kunst, design og arkitektur (KDA). Læraren deira, Tarjei Rypdal Eide, har rettleia dei gjennom prosjektet. Dei har blant anna laga installasjonen Kittelsens Nøkken versjon 2.0, der Nøkken stig opp frå eit vatn fullt av søppel, og fleire måleri som viser kontrasten mellom vill natur og turisme sine spor – symbolisert med T-ar frå Den Norske Turistforening.