Normal drift på dette sambandet frå 20. desember

Alle fire ferjekaiene i sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy opnar no for normal ferjetrafikk. Sjølv om noko småarbeid står att, reknast byggearbeidet som ferdig, og fylkeskommunen har overtatt drifta.  

 

I firkantsambandet som går mellom kommunane Sande og Vanylven, var ferjekaiene stort sett rundt 40 – 50 år gamle. Desse har no blitt oppgradert. Kaiene har i tillegg blitt utvida for å kunne ta imot ei større ferje. Frå 20. desember går ferja etter normal rutetabell, sjølv om noko mindre arbeid står att, som merking på land, gjerder og lyssetting.  

- Vi har stor forståing for at byggeperioden har vore utfordrande for innbyggarar og næringsliv, seier Andreas Tennøy Brekke, byggeleiar for ferjekaiprosjektet i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

- Dei reisande har måtte tilpassa seg ulike rutetabellar, omkøyring og stengeperiodar.

Spanande prosjekt å vere med på  

Pål Are Vadstein er prosjektleiar i Aurstad Tunnel AS. Dei har vore entreprenør på prosjektet. Han fortel at det har vore spanande og utfordrande å vere med på dette viktige prosjektet.

- Vi håper dei reisande set pris på nye og tryggare kaier, seier Vadstein. 

- Dette har vore eit lærerikt og kjekt prosjekt for oss.

Omfanget i arbeid på dei fire kaiene har variert. På Voksa blei det laga ei mellombels kai. Arbeidet var ikkje like omfattande på resten av sambandet, men det har vore alternative løysingar for trafikk. Torsdag 19. desember tok Møre og Romsdal fylkeskommunen over ansvaret for drifta av kaiene, og frå fredag 20. desember er det normale rutetider som gjeld på sambandet.

Det blir ei offisiell opningsmarkering for kaiene på nyåret, når ny ferje er på plass. Denne markeringa vil vere open for alle.