NORSØK får 800.000 kr til mjølkerobot-prosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 800.000 kroner i stønad til NORSØK-prosjektet «Mobile mjølkerobotar for auka beitebruk».

Det har kompetanse- og næringsutvalet einstemmig vedtatt.

Med midlane på plass skal Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) undersøke moglegheitene og interesse blant bønder i Møre og Romsdal for å ta i bruk mobil mjølkerobot for å auke beitebruk i mjølkeproduksjonen. Ein mobil mjølkerobot er ein mjølkerobot plassert i ein flyttbar konteiner, som kan flyttast dit dyra går på sommarbeite, så lenge det er tilgang på vatn og straum.

Gjere beiteareal meir tilgjengeleg

Prosjektet foreslår å utnytte mobile mjølkerobotar for å gjere beiteareal meir tilgjengeleg for mjølkeproduksjon. Og dei vil undersøke om det er praktisk, teknisk og økonomiske fordelar å velje mobil mjølkerobot ved ombygging til lausdrift viss det samtidig kan bidra til auka beitebruk, eller å oppretthalde dagens beitebruk gjennom fellesbeite eller seterdrift. Prosjektet skal også sjå på dyrevelferd med ku og kalv, samt sjå på løysningar som reduserer vassforbruket.

To besetningar i fylket skal plukkast ut til å vere eksempelgardsbruk for å kartlegge tilgjengeleg areal for beiting med bruk av mobil mjølkerobot og estimere auka fôrproduksjon og beitebruk. I ei tredje besetning vil prosjektet teste ut korleis mobil mjølkerobot påverkar mjølkeproduksjonen i ei gruppe mjølkekyr som går med kalv, for å sjå om dette kan gi betre dyrevelferd gjennom å gi mindre stressande mjølkeprosess for både ku og kalv.

Løyver 800.000 kroner

Fylkeskommunedirektøren hadde innstilt på å avslå søknaden frå NORSØK fordi utfordringa med omlegging til lausdrift og utnytting av utmark i framtida er ei nasjonal problemstilling – ho ville ikkje prioritere å bruke regionale tilskotsordningar på nasjonale problemstillingar. Men kompetanse- og næringsutvalet ville det annleis og løyver 800.000 frå stønadsordninga Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet 8. mai 2024