Ny bru gjer at Brusdalsvegen får auka vegstandard.
Katrine Vedeld
- Slettebakkbrua har mellom anna fått nye landkar og murar, seier Erling Mørch, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkesvegen har med dette fått ei oppgradering i standard.
Prosjektet med ny bru blei starta i vinter, og ferdigstilt i juli 2024. Slettebakkbrua leiar vatnet frå Slettebakktjønna ned til Brusdalsvatnet. På grunn av størrelsen på konstruksjonen er brua no klassifisert som ei stikkrenne.
- Arbeidet har gått etter planen, og vi har samarbeida godt med entreprenøren Consolvo. Vi hadde også gleden av å ha betongfaglærlingar med i prosjektet, som tok fagprøven sin tidlegare på sommaren, opplyser Mørch.
Brua har mellom anna fått nye landkar og murar.
Katrine Vedeld
Erling Mørch er byggeleiar på det ferdige prosjektet.
Else Britt Ervik