Solsteinen i Hareid.
Arve Eiken Nytun
Under ei utgraving i 2023 fann arkeolog Arve Eiken Nytun i Møre og Romsdal fylkeskommune spor etter busetting og jordbruksaktivitet. Dateringa av dyrkingslaget, som vart funne rett ved bautasteinen, viser at det stammar frå perioden 375–532 etter Kristus, som er tidsperioden vi kallar folkevandringstida. Det er høgst sannsynleg at steinen også kjem frå denne perioden.
Solsteinen, som truleg stammar frå eldre jarnalder eller bronsealder, har lenge vore eit symbol på religiøse praksisar i fortida og deira djupe forbindelse til naturen. Steinen står på eit punkt i lia der sollyset når sitt lågaste ved vintersolkverv. Ved vintersolkverv markerer Solsteinen skiljet mellom sol og skugge, noko som gjer den til eit symbolsk og viktig element i landskapet.
– Ein kan observere solfenomenet ved solsnu, 21. desember om vèrforholda er gode, seier arkeolog Arve Eiken Nytun.
Solsteinen i Hareid.
Arve Eiken Nytun
Fenomenet, som også kan sjåast ved andre historiske stadar som Newgrange i Irland, har truleg hatt religiøs og rituell betydning for dei som budde i området for over 1.500 år sidan. Historiske kjelder som arkeologen N. Nicolaysen og biskopen Bendik Bendixen har dokumentert gravfeltet i Hovlida, som inkluderer fleire gravhaugar og røysar. Mange av desse gravminna er no borte, men Solsteinen står framleis som eit vitnesbyrd om fortidas kulturar og deira forhold til solsyklusane.
I nyare tid har Trude Knutzen i si masteravhandling frå 2006 skildra Solsteinen og betydinga han har i forhold til topografi og kulturlandskap. Ho peikar på at steinen har fått sitt namn frå sola sin posisjon ved midtvintersolkverv, og at dette fenomenet har vore kjent i tusenvis av år.
– Det er viktig å bevare og forstå slike kulturminne som Solsteinen og lysfenomenet i Hovlida. Dei gir oss innsikt i våre forfedrar sine liv og tru, seier arkeolog Arve Eiken Nytun.