Brattvåg ferkjekai
Else Britt Ervik
Planen omfattar òg delar av småbåthamna og tilhøyrande anleggsområde. Planen har vore gjennom offentleg ettersyn, og fleire merknadar førte til justeringar. Mellom dei viktigaste endringane var:
- Sikring av den vegetasjonskledde kollen mellom småbåthamna og ferjekaia. Denne vart regulert til grøntstruktur for å bevare landskapsuttrykket.
- Tydlegare krav til rekkefølge, spesielt knytt til bygging av fortau i kaiområdet.
- Avbøtande tiltak for naturmangfald, inkludert krav om siltgardin ved arbeid i sjø og restriksjonar i gyteperioden.
- Justering av planområdet, då kommunen ikkje hadde midlar til grunnundersøking for heile strekninga som først var varsla.
Planomtalen vart og utvida, blant anna med meir detaljar om korleis ålegrasenga kan bli påverka og korleis ho skal beskyttast.
Kommunedirektøren peikte i si vurdering på at planen no balanserer behovet for framdrift med omsynet til tryggleik, natur og økonomi. I saksframlegget står det:
Kommunedirektøren ønsker ikkje sette så harde krav til bygging av fortau, at heile prosjektet med ny kai vert stoppa eller utsett.
Dette skjer vidare
Vedtaket blei gjort 19. mars, og betyr at Møre og Romsdal fylkeskommune kan gå vidare med prosjektering og bygging av ny ferjekai. Først skal ny kai og fortau i kaiområdet byggast, deretter skal eksisterande kai rivast, før neste del av fortauet kan etablerast. Venterom med toalett skal og på plass.
Oppstillingsområdet for bilar og dei tilhøyrande fortaua blir først realisert i ein seinare byggefase, når finansiering er på plass.
Det er tre veker klagefrist frå vedtak, og oppstart forutsett at det ikkje kjem inn merknadar i denne perioden