Ny forskingsformidlar på Campus Kristiansund

Direkte frå scena på Campuskonferansen siste veke kunne prosjektleiar Roland Mauseth avsløre at Campus Kristiansund har fått på plass ei stilling som forskingsformidlar. Det skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen Nordvest og Høgskolesenteret.

Foto av fire personar som står på ei scene - Klikk for stort bileteForskingsformidlar Signe Sefland skal legge til rette for at forskings- og utviklingsmiljøa på og rundt Campus skal nå ut med kunnskapen dei har, til folk flest og til samarbeidspartnarar i arbeidslivet. Stillinga er eit samarbeid med Sparebankstiftelsen Nordvest og Høgskolesenteret. Frå venstre: Roland Mauseth, Odd Einar Folland, dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Nordvest, Signe Sefland og Jøran Gården, Høgskolesenteret. Heine Schjølberg

- Dette skal vere eit treårig prosjekt der vi legg til rette for at forskings- og utviklingsmiljøa på og rundt Campus kan komme betre ut med kunnskapen dei har, til folk flest og til samarbeids-partnarar i arbeidslivet, seier Roland Mauseth, prosjektleiar Campus Kristiansund. Prosjektet vil også bidra til ei tettare koordinering mellom FoU-miljøa i nettverket rundt Campus Kristiansund.

Går inn med 1 million kroner frå stiftinga

- Sparebankstiftelsen Nordvest har etablert eit eige prosjekt som vi har kalla Nordmøre 2030. Dette skal gi støtte til prosjekt som tenker langsiktig og med tilstrekkeleg breidde til å bidra til å bygge ein enda sterkare region. I dette arbeidet er Campus og Høgskolesenteret sentrale, og derfor vil vi støtte forskingsformidlingsprosjektet ved Campus Kristiansund. Saman skal vi gjennom kunnskaps- og forskingsformidling bidra til aktivitetar som skaper vekst i Kristiansund og regionen, seier Odd Einar Folland, dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Nordvest. Stiftelsen går inn med 1 million kroner til forskingsformidlarprosjektet, over inntil tre år.

- Stiftinga har lagt vekt på å styrke forskingsnettverka rundt Campus, og å få med aktørar på Tingvoll, Sunndal og andre stedar i samarbeidet, seier Folland.

Håper at fleire blir med på spleiselaget

- Den betydelege gåva frå Sparebankstiftelsen gjer det mogeleg å starte opp dette prosjektet nå, og vi er svært takknemlege for at de stiller opp slik. Så er det ei forventning om at andre aktørar også blir med på spleisen, slik at vi fullfinansierer også det tredje året i prosjektet, seier Mauseth.

Stillinga som forskingsformidlar er ein 50 % ressurs som er organisatorisk lagt til Høgskolesenteret i Kristiansund, som også bidrar inn i arbeidet.

- Forsking skjer både i og utanfor akademia, og er ein svært sentral del av fagpersonar sin aktivitet. Det er viktig at forskinga når ut til dei som kan ha nytte av den. I tillegg er det også viktig at vi alle blir klar over den store forskingsaktiviteten som allereie blir drive i og rundt Campus, forklart med eit enkelt språk. Vi er stolte av å kunne bidra inn i eit slikt prosjekt, seier Jøran Gården ved Høgskolesenteret.

Vil bidra til å løfte frem Campusmiljøet

Signe Sefland, som tidlegare har arbeidd som kommunikasjonsrådgivar ved Helseinnovasjons-senteret, er engasjert og begynner straks.

- Forskingskommunikasjon handlar om å gjere forsking forståeleg, tilgjengeleg, relevant og interessant for fleire. Eg ser fram til å utvikle aktivitetar der fagkunnskap frå Campus-miljøet blir løfta fram. Det trur eg kan bidra til å bygge eit felles fagmiljø rundt Campus, og ikkje minst gi nyttig kunnskap til studentar, befolkning og næringsliv, seier Sefland, som gleder seg veldig til å ta fatt på oppgåva.

Samarbeid mellom fleire bidragsytarar

I tillegg til støtta frå Sparebankstiftelsen bidrar Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune med interne ressursar slik at det totalt sett blir eit lite prosjekt-team som skal jobbe med alt frå formidling på sosiale medium til workshops og kompetansefrukost – og mange andre tiltak.

- Dette er den type samarbeid og felles løft som bygger Campus Kristiansund, og vi er umåteleg glade for at så mange gode krefter stiller opp for å bidra til kunnskapsmiljøet på Campus, seier prosjektleiar Mauseth.

For meir informasjon:

  • Roland Mauseth, prosjektleiar Campus Kristiansund, mobil 917 21 401
  • Odd Einar Folland, dagleg leiar i Sparebankstiftelsen Nordvestmobil 913 23 360
  • Signe Sefland, forskingsformidlar, Campus Kristiansund, mobil 466 34 438