Ny kunnskap kan gi betre reinsing på bløggefartøy

Korleis kan prosessvatn frå bløggefartøy handterast betre og meir miljøvennleg? Det har FSV Rederi AS undersøkt i eit FoU-prosjekt. Resultata gir viktig kunnskap for vidare utvikling av reinseteknologi om bord.

Båt. - Klikk for stort bileteFSV Scotia. FSV Group.

Med støtte frå MobPro-ordninga til fylkeskommunen har prosjektet kartlagt og analysert ulike typar prosessvatn frå bløggefartøy. Feltarbeidet blei gjennomført under kommersiell drift på FSV Scotia i Skottland, i samarbeid med SINTEF Nordvest.

Resultata viser at vasstraumane varierer mykje i mengd og innhald. Enkelte har høg organisk og partikulær belastning. Analysane viser at filtrering kan vere ein del av ei framtidig reinsingsløysing. Mikrobiologiske funn peikar òg på behov for desinfeksjon før utslepp.

Kunnskapen gir grunnlag for å utvikle effektive løysingar som fungerer i praksis om bord. Neste steg er å undersøkje variasjonane i prosessvatnet nærare og teste aktuelle reinseteknologiar under realistiske forhold. På lengre sikt er målet å utvikle løysingar som møter framtidige miljøkrav og fungerer i den daglege drifta.

MobPro i Møre og Romsdal er ein del av det statlege FORREGION-programmet, som skal mobilisere bedrifter til forskingsbasert innovasjon.