Ny kunstdatabase gjer Møre og Romsdal sin kunst tilgjengeleg for alle

Håper den vil skape meir interesse for samtidskunst og gje folk tilgang til dei mange kunstskattane i regionen.

Bilde av skulptur utenfor skolebygg - Klikk for stort bileteMaritim figurasjon av Erling Saatvedt ved Fagksolen i Ålesund

Møre og Romsdal fylkeskommune har no tatt i bruk eit verktøy som heiter Norges kunstdatabase. Den gjer kunsten på offentlege stader lett tilgjengeleg for publikum. Kunstsamlinga består av biletkunst, skulpturar, installasjonar og integrerte verk i bygg rundt om i heile fylket. Kunsten er laga av både nasjonale, internasjonale og regionale kunstnarar.

Åpner kunsten for folket
Formålet med databasen er å gje innsyn i kunstsamlinga og sikre at fleire får glede av ho. Kunstverka kan sjåast i mange av fylkeskommunen sine offentlege bygg, som skular og tannklinikkar, men også på nokre stader som ikkje er tilgjengelege for alle. No kan du enkelt finne informasjon om kunsten gjennom Norges kunstdatabase.

Enkel tilgang gjennom søkefunksjoner
Gjennom databasen kan ein søkje etter verk basert på bygg eller kunstnar, og fylkeskommunen planlegg å halde den oppdatert med både nye verk og meir informasjon om eksisterande kunst. Nokre kunstverk har nemleg mangelfull informasjon, men dette vil bli betre med tida.

Fokus på samtidskunst i offentlege rom

Bilde av maleriet Fritt etter Kittelsen (Soria Moria) av Rolf Groven - Klikk for stort bileteRolf Groven Fritt etter Kittelsen (Soria Moria) som heng på Hustadvika videregående skole


Kunstordninga for Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å få profesjonell samtidskunst inn i offentlege rom og skape meir interesse for kunst blant folk. Fylkeskommunen legg vekt på at kunsten skal inspirere, engasjere og gje rom for refleksjon.

- Vi er veldig glade for å ha fått kunsten inn i databasen. No har vi betre oversikt, og folk kan sjå kva som finst av kunst rundt om i fylket vårt. Kanskje har du gått forbi ein skulptur på skulen og undra deg over den? No kan du finne meir informasjon om den i databasen. Vi vil prøve å lage små formidlingstekstar om ulike verk etter kvart. Det er mange flotte kunstskattar rundt i fylket vårt, og det er viktig å ta vare på dei, seier Camilla Wiik, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kunstdatabasen finn du her.