Ny landgang på hurtigbåtkaia i Kristiansund

Det foregår for tida arbeid på hurtigbåtkaia i Kristiansund. Det skal etablerast ny og sikrare landgang for passasjerar.  

Landgang over grønn ferjekai - Klikk for stort bileteNy landgang for hurtigbåten i Kristiansund. Gøran Ebbesen Krokdal

Hurtigbåten går mellom Kristiansund og Trondheim, og legg til på ein flåte ved den nedlagde ferjekaia i sentrum av byen. 

-  Som eit ekstra tiltak for tryggleiken lagar vi no ein landgang for passasjerane over ferjekaia og ut til flåten, seier Oskar Einarsson, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

-  Flåten inneheld venterom, og ein går om bord i hurtigbåten herifrå.

Arbeidet vil ikkje påvirke rutetidene til hurtigbåten, og ny landgang er venta å stå ferdig i løpet av denne veka.  

 

Landgang og byggeområde - Klikk for stort bileteNy landgang gir betre tryggleik over den nedlagde ferjekaia. Gøran Ebbesen Krokdal