Fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs og rådgivar Lisa Alvestad har sendt ut tusenvis av buttons som snart ligg og venter på lesande barn i alle biblioteka i fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Gjennom kampanjen får barn og foreldre konkrete lesetips, små premiar undervegs og eit diplom når målet er nådd.
Kampanjen er retta mot barn i barnehagealder, og går ut på at ein les, eller blir lesen for, 100 bøker før skulestart. Undervegs kan barna få lesebuttons på biblioteket for kvar 25. bok, før dei til slutt får eit eige superlesardiplom.
Kampanjen blir no rulla ut ved biblioteka i fylket. Her kan familiar hente hefte med boktips, få utdelt buttons og låne seg bøker.
Meir motiverande
Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen, og å styrke rolla biblioteka spelar som møteplass og ressurs for lesing og formidling.
«100 bøker før du er 6 år» er inspirert av tilsvarande opplegg som er i bruk andre stader i landet, og kjem som eit supplement til etablerte lesetiltak for eldre barn, som Sommerles.
Håpar på leseglede
Fylkeskommunen håpar kampanjen vil bidra til meir leseglede og skape gode lesevanar tidleg i livet.
Kampanjen er finansiert med midlar frå Nasjonalbiblioteket, og er etter idé frå biblioteka i Vestfold.