Elias Engelsås Kolvik og professor Audrey van der Meer.
Privat
Forskingsprosjektet, med grunnlag i klasseromsdata frå Ulstein vidaregåande skule, gir nye svar på kva som fremmar læring i klasserommet. Masterstudent Elias Engelsås Kolvik frå Trondheim har, i samarbeid med professor Audrey van der Meer, undersøkt effekten av handskrift samanlikna med å skrive på tastatur når ein tar notat frå forelesing.
Resultata peikar i same retning: Handskrift gir betre læringsutbytte. Dette kjem fram både i målingar av hjerneaktivitet og i data frå klasserom.
Handskrift meir optimalt
– Begge funna antydar at handskrift er meir optimalt for læring enn tasting. Det er det mest interessante funnet, seier Kolvik.
Prosjektet er ein del av satsinga «Penn på PC – lærer elevane meir», finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Ved Ulstein vgs fekk om lag 350 elevar over to år tilgang til digital penn og skjerm.
Gir betre læring
Professor Audrey van der Meer peikar på kvifor forskjellen oppstår:
– Når du brukar tastatur i forelesning, blir det fort slik at du skriv ned alt utan å tenkje så mykje over det. Du får ikkje jobba skikkeleg med innhaldet undervegs. Når du skriv for hand, må du derimot velje ut det viktigaste, lage enkle skisser og strukturere stoffet. Då gjer du kunnskapen til di eiga – og det gir betre læring.
Fleire sansar i bruk
Ifølge forskaren arbeider hjernen på ein annan måte ved handskrift enn ved tasting. Fleire sansar og meir komplekse rørsler er i bruk, noko som gjer det lettare å forstå og hugse nytt stoff. Effekten gjeld alle elevar, men er særleg tydeleg for yrkesfagelevar i arbeid med omgrep og fakta.
– Vi foreslår ikkje å gå tilbake til steinalderen og skrive alt for hand. Men at barna våre treng opplæring i handskrift, er opplagt. Og det treng ikkje å gå ut over opplæringa i IKT, seier professor Audrey van der Meer.
Masteroppgåva ved NTNU skal publiserast i eit vitskapleg tidsskrift. Funna kan få betydning for kva digitale verktøy skolane vel framover, der digital penn blir trekt fram som eit aktuelt alternativ.