Ny OECD-rapport: Moglegheiter og framtidig verdiskaping for regionen

Fylkesordførar Anders Riise var førre veke i Brussel for lansering av OECD-rapporten «Circular Economy in Møre and Romsdal».

Fire personar med OECD-rapporten. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise (til venstre) saman med representantar frå Berlin og Sentral-Makedonia. Anna Solvang/ Vest-Norges Brusselkontor

Som ein av ti regionar valt ut av OECD, og som del av EU-kommisjonen sitt Circular Cities and Regions Initiative (CCRI), har Møre og Romsdal delteke i eit omfattande samarbeidsprosjekt for å kartlegge og fremme sirkulærøkonomi på tvers av sektorar, og å finne moglegheiter for vidare verdiskaping i regionen.

Under ein rundebordskonferanse mottok fylkesordføraren rapporten saman med representantar frå Berlin og Sentral-Makedonia. Han presenterte våre erfaringar frå prosessen og løfta fram korleis samarbeid med OECD har gitt regionen verdifull innsikt.

Vegen vidare

OECD-rapporten gir ein detaljert analyse av dagens situasjon i Møre og Romsdal og tilrådingar for vidare tiltak. Blant tiltaka fylkeskommunen vil prioritere framover er styrking av samarbeid med kommunar og næringsliv, samt satsing på innovasjon og tidlegfaseprosjekt for å realisere sirkulære løysingar.

Les heile OECD-rapporten «Circular Economy in Møre and Romsdal».

Deltaking på CCRI-konferanse

Fylkeskommunen deltok også på CCRI 3rd Coordination and Support Workshop i Brussel. Her var målet å lære meir om korleis regionar kan tiltrekkje seg investeringar til sirkulære prosjekt og dele erfaringar frå eigne initiativ. Dette arbeidet vil bidra til å posisjonere Møre og Romsdal for vidare samarbeid i CCRI-nettverket og bygge kunnskap som styrker satsinga på sirkulær økonomi regionalt.