Ny Orta ferjekai under planlegging

Møre og Romsdal fylkeskommune er i gang med prosjekteringa, det vil seie planlegging, av ny ferjekai på Orta. Den eksisterande kaia er frå 1984, og både ferjekaibrua og delar av kaianlegget er i dårleg stand.

kai med ferje - Klikk for stort bileteOrta ferjekai skal bli ny Eivind Alver

Orta er den einaste av dei fem ferjekaiene i anbodet “Utasundspakken” som skal få eit heilt nytt kaianlegg. Dei andre kaiene: Småge, Finnøya, Sandøya og Ona, skal utbetrast for å forlenge levetida.

 - Vi er no i prosjekteringsfasen, der vi arbeidar med å finne gode løysingar for den nye kaia. Når prosjekteringa er ferdig, skal prosjektet lysast ut på anbod, seier Hans Rune Paulsen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Målet er at den nye kaia skal kunne vidareføre dagens ferjetilbod og bidra til å sikre vidare drift på sambandet Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona.

Det takast sikte på informasjonsmøte for innbyggarar og interessentar vinter 2027. Vi kjem tilbake med dato.

Bygginga av ny Orta ferjekai er estimert ferdig i 2029.