Ny podkast: Kraftkrise i fylket, vi må ha meir straum

Det er underskot på kraft i Møre og Romsdal, og vi produserer berre halvparten av det vi bruker. I den nye podkast-episoden får vi hjelp av to ekspertar på energi til å forklare krisa.

Fire personar rundt eit bord. - Klikk for stort bileteFrå venstre Bengt Endreseth, Tore Tomasgard, Per-Kristian Bratteng og Kristin Vestly. Møre og Romsdal fylkeskommune

I åra framover vil vi alle merke godt dei alvorlege utfordringane, både vi som bur i fylket, men også næringslivet. Vi vil rett og slett ikkje ha nok kraft til alle.

Fram til no har vi blitt berga av import frå andre delar av landet, og frå Sverige. Men frå 2028 er det, Noreg sett under eitt, eit høgare forbruk av kraft enn det er kraftproduksjon. Kva då?

Korleis få tak i meir straum?

– Den store utfordringa framover blir korleis vi skal få tak i meir kraft, seier Bengt Endreseth leiar av seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Saman med sivilingeniør Tore Tomasgard, som har vore med å kartlegge kraftsituasjonen i ein rapport for fylkeskommunen, slår han fast at kraftprisane vil stige i åra framover – og vil variere.

Dei er begge gjester i studio når vi spør om korleis vi skal løyse kraftkrisa. For det hastar – og det hastar veldig!

Høyr podkasten her