Ny podkast: – Kraftmangel er eit hinder for næringslivet i Møre og Romsdal

NHO-direktør i Møre og Romsdal, Lene Trude Solheim, meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet.

Mann og kvinne - Klikk for stort bileteErik Espeseth og Lene Trude Solheim. Per-Kristian Bratteng og NHO

– Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får starte på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå.

– Vi må bygge meir kraft sjølv, seier administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord Kraft-konsernet, om løysinga på uføret.

– Korleis?

– Aller viktigast er det at ein tør å ta opp igjen diskusjon om vindkraft på land. Det er det einaste som kan gi eit vesentleg bidrag for å løyse kraftfloken på ein kosteffektiv måte. Vindkraft er den rimelegaste krafta du kan bygge i dag med litt skala. Og ser vi på fylket, er det rikeleg med plassar der det går an å bygge vindkraft på land, seier Espeseth i podkasten.

Høyr podkasten her, eller der du pleier å lytte til podkastar: