Midlane er øyremerkte litt større forskingsbaserte, marine innovasjonsprosjekt i bedrifter og bedriftsgrupperingar. Det kan søkast om frå 1 til 5 millionar kroner i støtte til kvart prosjekt. Utlysinga byggjer opp under Fylkesstrategien for forsking og innovasjon 2025–2028, og satsinga på den biomarine næringa.
Prosjekta skal gi tydelege bidrag til sirkulær og biomarin utnytting av ressursar frå havet og frå havbruk. Dette kan vere i form av berekraftig fôr, nye matprodukt, ny teknologi og produksjonsmetodar, og betre forsyningstryggleik.
Prosjektmidlane blir lyst ut som regionale (hovud)prosjekt gjennom sidene til Regional forskingsfinansiering (RFF) med dei same vurderingskriteria og behandlingsrutinane som kvalifiseringsprosjekta.
Søknadsfristar er 15. september og 3. november 2025.