Ny sjanse for dei som manglar eit fag: No opnar påmeldinga til privatisteksamen

Frå 1. til 15. september kan kandidatar melde seg opp til privatisteksamen i fag frå vidaregåande opplæring. Kvart år nyttar rundt 5000 personar i Møre og Romsdal seg av ordninga.

gut sit på bibliotek med andre ungdomar i bakgrunnen - Klikk for stort bileteEr det ikkje godt at du kan ta fag som privatist? Anten du strauk eller berre ønsker deg eit heilt anna fag eller ein betre karakter, er det godt å få ei ny moglegheit. Terje Aamodt

– Privatisteksamen er ei viktig moglegheit for dei som manglar eitt eller fleire fag frå vidaregåande opplæring, seier Einar Hoem, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Mange vel også å ta opp att fag for å forbetre karakterane sine og styrke grunnlaget for vidare utdanning eller arbeid, seier han.
– Ordninga er også ypparleg for å dokumentere kompetanse i eit fag som du ikkje har formell opplæring i, legg Hoem til.
Privatisteksamen er eit tilbod til alle som ønsker å ta fag utan å vere elev ved ein vidaregåande skole. Oppmelding skjer gjennom Privatistportalen, og både oppmelding og betaling av eksamensavgift må vere registrert innan fristen for at det skal vere gyldig.
Privatisteksamen blir gjennomført ved åtte vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når kandidaten søker opp eit fag i Privatistportalen, kjem det fram kva skolar som tilbyr eksamen i faget.

Kandidaten har ansvar for å lære seg faget

Privatistar må sjølve skaffe lærestoff og førebu seg til eksamen. Det er læreplanen og kompetansemåla i faget som avgjer kva kandidaten skal kunne, uavhengig av kva læremiddel som blir brukt.
På nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune finst informasjon om oppmelding, eksamensdatoar, eksamensavgifter og førebuingar til eksamen.

Frist for oppmelding til hausteksamen

Fristen for å melde seg opp til hausteksamen er frå 1. september til og med 15. september. Frist for våreksamen er i perioden 15. januar til 1. februar
Her kan du lese meir om å ta eksamen som privatist.