– Målet er at elevane skal få ein pause frå sjukdomsperioden, og kanskje gløyme litt at dei er innlagde, seier lærar Lene Ugelstad.
Sjukehusskolen opna måndag 25. august. Tilbodet omfattar elevar i både grunnskule og vidaregåande nivå, frå 1. til 13. trinn. Dei kan no få undervisning på sjukerommet, på poliklinikken eller i den nye skolestua i femte etasje – eit rom som også fungerer som ungdomsrom på ettermiddag og kveld.
Eit friminutt frå sjukdomen
– Tilbodet er allereie i drift, sjølv om vi ventar på møblar og meir undervisningsmateriell. I oppstarten har undervisninga vore kunst- og handverksbasert – nesten som eit friminutt. Men det har også vore faglege økter, med tavleundervisning og oppgåver, fortel avdelingsleiar Anne Wesnes ved Romsdal vgs.
Då det vart bestemt at SNR skulle få barneavdeling, blei Romsdal vgs kontakta med spørsmål om å drifte Sjukehusskolen. Dette truleg med bakgrunn i at avdeling Fannefjord underviser barn og unge som er innlagt i psykiatrien på Knausen i Molde.
Også erfaringsdelinga frå sjukehusskolen-somatikk ved Ålesund sjukehus har vore nyttige. I Ålesund har dei fleire lærarressursar og eit etablert system. Ved SNR er målet å få til eit like godt tilbod – tilpassa lokale forhold.
– Vi håpar å skape eit rom som ungane har lyst til å komme til. Eit rom som gir pause, tryggleik og meistring, seier avdelingsleiar Anne Wesnes.
– Sia vi opna førre veke, har vi hatt to elevar innom. Ei av dei var her i tre dagar og sa at det hadde vore så kjedeleg utan skulen. Ho sto ved døra då vi opna og vore her heile dagane, fortel lærar Lene Ugelstad.
Pause, tryggleik og meistring
Ugelstad seier at det er ein heilt annan skolekvardag på sjukehuset.
– Elevane kan gjerne ligge i seng eller sitte i rullestol og få undervisning. Det handlar om å gi eit positivt pusterom, ikkje nødvendigvis å presse på med fag.
Under oppbygging
Skolen er framleis i planleggingsfasen, og mykje gjenstår. Det er avgrensa plass, så det må gjerast nøye utval av bøker og digitale ressursar. Dei to lærarane har fulle stillingar, og første året skal brukast til å kartlegge behovet. Statistikken skal vise kor mange elevar som nyttar seg av tilbodet, og kor mykje undervisning som blir gitt.
– Vi er heilt avhengige av godt samarbeid med barneavdelinga og poliklinikken. Og det er viktig at alle som kan ha nytte av tilbodet, faktisk får vite om det, seier Wesnes og Ugelstad.
Skolen er open måndag til fredag frå kl. 10:00 til 14:30, og held til ved sidan av skranken på føde/barsel i 5. etasje.