Ny støtte skal hjelpe fleire frå idé til EU-søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune har opna ei ny tilskotsordning for bedrifter, kommunar, næringsklynger og innovasjonsmiljø.

Ordninga skal hjelpe aktørane med å utvikle prosjektidéar og førebu søknadar til EU-program.

Mange gode idéar stoppar opp før dei blir til søknadar. Derfor har fylkeskommunen etablert ei tilskotsordning for internasjonale forprosjekt.

Å bygge nettverk, finne rett kompetanse og utvikle ein konkurransedyktig søknad krev ofte mykje tid og ressursar. Med støtte til forprosjekt vil fylkeskommunen redusere risikoen og senke terskelen for å komme i gang.

Får hjelp i tidleg fase

– Vi vil gi aktørar i Møre og Romsdal starthjelp i den tidlege fasen, når idear skal utviklast, partnarar finnast og prosjekt formast, seier Ingrid Gjelsvik, internasjonal rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ordninga er retta mot aktørar som vil utforske moglegheitene i internasjonale samarbeids- og finansieringsprogram.

Hjelp til offentleg finansiering

Målet er fleire prosjekt frå Møre og Romsdal som kan få finansiering gjennom EU-program og få til meir samarbeid mellom regional og internasjonale aktørar.

Fylkeskommunen oppmodar aktuelle søkarar til å vurdere ordninga som eit første steg mot større prosjekt og internasjonal finansiering.

Les meir om tilskotsordninga på fylkeskommunen sine nettsider.