Gardbrukarar i fylket er meir optimiske no enn for fire år sidan.
Kai Bedringås
Ei ny undersøking blant gardbrukarar i fylket viser eit meir positivt syn på økonomi, rekruttering og framtidsutsikter enn for fire år sidan. Samtidig peikar resultata på fleire utfordringar for næringa.
Undersøkinga er gjennomført av Ruralis på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Våren 2026 svarte 439 gardbrukarar. Tilsvarande undersøkingar vart også gjennomførte i 2018 og 2022, noko som gjer det mogleg å samanlikne utviklinga over tid.
Meir positive enn i 2022
Hovudfunnet er at gardbrukarane vurderer situasjonen i næringa meir positivt enn i 2022. Over fire av ti meiner det økonomiske resultatet frå gardsdrifta har blitt betre dei siste fem åra. Tilfredsheita med inntekta er òg tilbake på omtrent same nivå som i 2018, etter ein tydeleg nedgang i 2022.
Undersøkinga viser også teikn til betre rekruttering. Om lag halvparten vil anbefale barna sine å ta over garden. Det er fleire enn i 2022, sjølv om nivået framleis er noko lågare enn i 2018. Fleire trur dessutan at garden vil bli ført vidare av barn eller andre familiemedlemmer.
Fleire utfordringar
Samtidig peikar rapporten på fleire utfordringar. Heile 43 prosent seier det er vanskeleg å skaffe avløysar når dei treng fri. Mange mjølkeprodusentar står også framfor store investeringar for å legge om frå båsfjøs til lausdrift. Blant dei som framleis driv med båsfjøs, meiner fleirtalet det er lite sannsynleg at dei vil bygge om innan fristen i 2034.
Låg lønsemd, høge investeringskostnader og usikre rammevilkår blir peika på som dei største hindringane for investeringar.
Undersøkinga vart sendt til 1.825 gardbrukarar i fylket. Totalt svarte 439 personar, noko som gir ein svarprosent på om lag 25 prosent. Ruralis vurderer likevel datagrunnlaget som relativt representativt for gardbrukarane i Møre og Romsdal når det gjeld produksjon, kjønn og bruksstorleik.
Her kan du lese heile rapporten.