Asfaltlegging ved Aursnes fergekai.
Joachim Aarø
Kontraktane er inngått med Veidekke Industri for Nordmøre og Romsdal, og NCC Industry for Sunnmøre. Arbeidet omfattar asfaltering i heile fylket, fordelt på to omtrent like store kontraktar.
I løpet av kontraktsperioden skal det leggast asfalt på 135 kilometer fylkesveg, fordelt på 70 strekningar. Fresearbeid og forsterkningsarbeid er også ein del av kontraktane.
Viktig arbeid for vegstandarden
Byggeleiar for asfalt, Leif Olav Brandt, seier at arbeidet er viktig for å ta vare på fylkesvegane.
– Asfaltering bidrar til å tilbakestille standarden på vegdekket til tilnærma ny veg. Vi har ei forventning om at dei fleste lågtrafikkerte vegane får ei forlenga levetid på minst 15 år. Dette er eit viktig arbeid for å ta vare på vegkapitalen, forseinke ytterlegare forfall og betrar trafikktryggleiken på strekningane, seier Brandt.
Mange strekningar har behov for nytt dekke, og asfaltarbeidet er ein viktig del av det løpande vedlikehaldet av vegnettet.
Har allereie starta på arbeidet
Arbeidet har allereie starta opp, og vil gå føre seg heilt fram til seinhausten. Fylkeskommunen vil informere trafikantane nærare når arbeidet på strekningar som får større konsekvensar for framkome nærmar seg.
Køyr forsiktig og ta omsyn
Brandt ber trafikantane vise omsyn når dei køyrer gjennom område med asfaltarbeid.
– Det er viktig at folk tek omsyn når dei ferdast i arbeidsområdet. Vi får årleg tilbakemeldingar om nestenulykker i samband med arbeidet. Hugs at arbeidarane er der for at du skal få ein betre veg å køyre på i mange år framover. Følg med på skiltinga, og ha respekt for trafikkdirigentane, seier Brandt.
Tilpassar arbeidet for pendlarar
Det leggast til rette for at arbeidet skal vere minst mogleg til hinder. På nokre strekningar er vegen så smal at han blir meir eller mindre stengt store delar av dagen medan arbeidet går føre seg. På slike strekningar startar ikkje arbeidet før klokka 08.30, slik at folk skal ha høve til å kome seg på skule og jobb først.
Trafikantar som ønsker å følge med på vegarbeid der dei ferdast, kan sjekke 175.no eller bruke appen Vegvesen trafikk.