Det blir fleire barn i Møre og Romsdal.
Terje Aamodt / Møre og Romsdal fylkeskommune
Det viser dei siste befolkningstala frå Statistisk sentralbyrå (SSB), som vart oppdatert etter tredje kvartal 2024.
Fødselsoverskot
Etter særs låge fødselstal i 2022 og 2023, viser befolkningstala så langt i 2024 ein vekst i talet på fødslar. Til og med 3. kvartal er det fødd 1.909 barn i fylket mot 1.774 barn på same tid i 2023 – ein auke på 135. Sjølv om det så langt i 2024 har døydd fleire enn på same tid i fjor, 1.763 mot 1.729 i 2023, er det etter tredje kvartal i 2024 eit fødselsoverskot på 146 personar i Møre og Romsdal.
Folketalet aukar
Folketalet i fylket har auka med 1.326 personar. Ved utgangen av 3. kvartal var folketalet i fylket 271.950 personar. Det er innvandringa som er hovudårsaka til auken i folketalet. Nettoinnvandringa til fylket er så langt i 2024 på 1.385 personar, ein nedgang i nettoinnvandringa på 299 personar samanlikning med same tid i 2023.
Vekst i 18 kommunar
18 kommunar i fylket kan skilte med befolkningsvekst. Størst vekst i tal personar er det i Ålesund med ein auke i folketalet på 568 personar. I Molde og Kristiansund var veksten på 294 og 118 personar. Størst nedgang i folketalet så langt i år er det i Rauma kommune med ein nedgang i folketalet på 166 personar. Dette skuldast nok at kommunen har flyktningmottak, noko som vil påverke flyttetala.
Vi ser òg nasjonalt at talet på fødslar aukar, og med framleis høg innvandring aukar folketalet. Ved utgangen av 3. kvartal er folketalet i Noreg på 5.585.044 personar, ein auke på 34.841 personar sidan årskifte.