For trenden både lokalt, regionalt og nasjonalt er at det behov for fleire bussjåførar.
– Når det kjem inn sjåførar eller potensielle sjåførar, eller nokon kjem innom for å spørje om det er behov for fleire folk, og dei får sjå korleis vi har det; klart at det er ein fordel med sånne fasilitetar, i staden for å møte opp i ein gamal garasje. Det nye flotte anlegget har heilt klart noko å seie for rekrutteringa, meiner Liv Grete Dyrnes, områdeleiar for Tide. Ho har kontoret sitt på det nye bussdepotet i Pilotvegen i Kristiansund, ikkje langt unna flyplassen.
Fordel med gode fasilitetar
Også områdeleiar Tore Larsen i Vy ved det nye bussdepotet på Årø i Molde, er av same oppfatning; god trivsel bidreg til rekruttering.
– Å tilby gode fasilitetar er ein fordel. Det å samle sjåførane her gjer at dei har ein plass dei kan møtast. Vi meiner at det å komme inn på depotet er viktig i seg sjølv for sjåførane, og då har vi lagt til rette for gode pausefasilitetar, seier Larsen.
Ved begge depota var det i samband med opninga synfaringar for gjestane, som blant anna bestod av både politikarar, administrativt tilsette i fylkeskommunen, entreprenørar og tilsette frå bussoperatørane, også sjåførar. Ein av sjåførane var Martin Dyrseth, som var innom bussdepotet i Kristiansund:
– Det er stor forskjell frå korleis det var, og det er greitt med ordna forhold. Det har alt å seie for trivselen dei som er her på anlegget, seier Dyrseth.
Alt på ein stad
Å ha alt er på ein stad blir av områdeleiarane trekt fram som ein stor fordel:
– Sjåførane får ein stad for å få pausane sine. Og så har vi ladeinfrastruktur og oppstillingsplass for bussane. For våre tekniske folk er det praktisk å få bussane samla på ein stad. Det å få eit nytt og flott anlegg her, det er kjempebra, seier Tore Larsen i Molde.
– Det er veldig deilig å flytte inn i nytt bygg; god luft, god belysning og vi har uteområde som vi kan nytte til sosiale aktivitetar, for å nemne noko. Men depotet er også viktig for nærleiken til sjåførane. Her treff vi sjåførane og får kjent på pulsen — på godt og vondt. Vi får lytta til dei, vi treff dei i gangen og får kjent på sjøførkvardagen. Det trur eg er det viktigaste. Det å vere tett på bussane, det å feilsøke på kort varsel, at vaskehallen er så nærme, så kan teknisk leiar eller plassansvarleg hjelpe dersom det er trøbbel der. Og ikkje minst at vi har gangavstand til verkstaden – det har vi aldri hatt før. Alt på ein plass – det er supert, seier Liv Grete Dyrnes i Kristiansund.
Bygger samfunnskritisk teneste
Dei to bussdepota som blei opna onsdag er dei første i fylket som fylkeskommunen har bygd og eig sjølv. Samferdselsdirektør Jesper Wiig forklarar kvifor:
– Kollektivtransporten er ein samfunnskritisk teneste. Det at vi har trygg infrastruktur i fylket er ei viktig strategi for Møre og Romsdal fylkeskommune. Dessutan har vi eit anbodsregime som vi kjem til å ha også i åra framover. Då er det desto viktigare at vi kan skape like konkurransevilkår blant operatørane. Og då er det viktig at vi har denne kjerneinfrastrukturen og kan stille den til rådigheit for operatørane, seier Wiig.
Det er bygg- og eigedomsavdelinga i fylkeskommunen som har vore byggherre, med Toro Bygg AS som totalentreprenør, for begge byggeprosjekta. Bygg- og eigedomssjef Torgeir Haukebø takka for tolmodet som både Tide i Kristiansund og Vy i Molde har vist i samband med byggeprosessen.
– Eg trur vi har landa på beina på ein grei måte. Men det har vore «tight» med tid med begge depota, sa Haukebø.
Bussdepota
Bussdepotet i Kristiansund: Har ei kostnadsramme på 110 millionar kroner og har vore i drift i snart eitt år. Anlegget har oppstillingsplass for 35 bussar, der 20 har lading. Bygninga på 780 m² blei ferdigstilt i november 2024. Den inneheld kontor, pauserom, garderobe, vaskehall med bussvaskemaskin, klargjeringshall og servicehall.
Bussdepotet i Molde: Har ei kostnadsramme på 167 millionar kroner. Depotet har oppstillingsplassar og ladeinfrastruktur for 30 bussar. Desse blei tekne i bruk allereie hausten 2024. Den tilhøyrande bygninga på 630 m² blei ferdigstilt og teken i bruk i september 2025. Anlegget inneheld kontor, pauserom, garderobar, klargjeringshall og servicehall – og Molde sin største vaskehall for bussar.