Åndalsnes vist i 3D i GISLink.
GISLink
Den nye løysinga liknar den tidlegare versjonen, slik at overgangen skal vere enkel. Den største nyheita er 3D-vising, som du slår av og på med knappen nedst til høgre i kartvindauget.
I første omgang kan du sjå høgdemodell og bygningsdata for heile Noreg i 3D. Tilbodet blir utvikla vidare ut frå tilbakemeldingar og behov.
Fleire kartdata i same kart
GISLink samlar kartdata frå ulike kjelder, slik at du kan finne og samanlikne informasjon på éin stad. Du kan mellom anna vise eigedomsgrenser, plandata, NVDB-data, FKB-data og NVE-data i same kart.
Du kan også:
- søke etter eigedomar
- søke på vegreferansar og sjå dei i kartet
- gjennomføre DOK-analysar
- teikne og måle
- legge til eigne kartlag
Med nødvendig tilgang kan du sjå eigarinformasjon og lagre eigne prosjekt.
Ope for alle
GISLink er ope for alle og krev verken brukarkonto eller særskild tilgang.
For eigedomsinformasjon, områdeanalysar og lagring av prosjekt treng du brukartilgang. Kontakt GIS-rådgivar Even Tranmæl i Møre og Romsdal fylkeskommune for tilgang.
Du finn nye GISLink på kartportal.no.