Fredag 1. november var det overlevering av den nye brua frå entreprenør Christie Opsahl til byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune. Dette er to veker før fristen.
Den gamle Høvikbrua opna for trafikk i 1948 og vart i 2021 snevra inn til berre eitt køyrefelt på grunn av redusert bereevne. I september i fjor starta arbeidet med ny bru, og no er den klar til bruk.
Redusert klimagassutslepp
Den nye brua er tilpassa dagens køyretøy og trafikkmengd og bredda er utvida frå 6 m på eksisterande bru til 7,5 m for den nye. Eit stykke av vegen på kvar side av brua er òg utvida i bredda tilsvarande brua.
- Brua har to køyrefelt og vil være mykje sikrare enn dagens bru. På store delar av prosjektet er det nytta lavkarbonbetong, som har bidrege til å redusere klimagassutsleppet på prosjektet, seier prosjektleiar Hallvard Rangnes i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Den nye brua er 14,8 meter lang, og det er etablert nye landkar og murar. I prosjektperioden vart trafikken leda via ein mellombels veg og bru. Landkara frå den mellombelse brua skal bestå i påvente av eventuell framtidig gang- og sykkelveg.
Fakta om nye Høvikbrua
- Bru over Høvikelva på fylkesveg 62, ved Eidsvåg i Molde kommune
- Fritt opplagt eitt-spenns bru
- Totallengde bruplate 14,8 m
- Entreprisekostnad 25 mill.
- Bruk av ca. 75 % lavkarbonbetong gir eit spart utslepp på 16 tonn CO2-ekvivalentar