Nye kontraktar for kompetansemekling i Møre og Romsdal 2026–2029

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått nye kontraktar for kompetansemekling for perioden 2026–2029. Målet er å styrke forskingsbasert innovasjon og omstilling i næringslivet i heile fylket.

Avtalane er tildelte innovasjonsselskapa ÅKP, Protomore og Vindel, som skal dekke kvar si region: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Med kompetansemekling skal selskapa aktivt oppsøke og mobilisere bedrifter til auka bruk av forsking i innovasjonsarbeidet. Innovasjonsselskapa har peika ut ressurspersonar med høg kompetanse til å utføre kompetansemeklinga saman med fylkeskommunen.

– Desse kontraktane er viktige for å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og framtidsretta næringsliv i fylket. Med sterke miljø som ÅKP, Protomore og Vindel på laget, står fylket godt rusta til å møte både teknologiske og grøne omstillingsbehov, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kompetansemekling er eit sentralt verkemiddel for å styrke innovasjonsevna i næringslivet. Ordninga gir bedrifter rettleiing i utvikling av innovasjonsprosjekt og hjelp til å kople seg på relevante forskingsmiljø og finansieringsordningar.

Det siste året har kompetansemeklarar i Møre og Romsdal rettleidd nær 100 bedrifter i systematisk og forskingsbasert innovasjon. Dette har ført til ei rekke nye innovasjonsprosjekt med støtte frå regionale, nasjonale og europeiske verkemiddel, og vidare til utvikling av nye og banebrytande produkt og tenester. I tidlege fasar av innovasjonsarbeid er særleg regionale tilskotsordningar, som MobPro (fylkeskommunen si forprosjekt-ordning for forskingsbasert innovasjon i bedrifter) og kvalifiseringsprosjekt, viktige for oppstart og risikoreduksjon.