Ekstremvêret sørga for at ikkje alle kunne være samla fysisk, men teams kan fungere til så mangt - også til å ta eit gruppebilete. Frå venstre: Ida Blø, Linda Oterholm, Bjørn Nortun og Per Ivar Aak. På skjermen ser du, Ann Kristin Aklestad, Ann Cecilie Utgård Garnes og koordinator/leiar av prøvenemnda for ernæringskokkane – Lisbeth Skinnes.
Jan Ragnvald Eide
Ei prøvenemnd blir utnemnd av fylkeskommunen for ein fireårsperiode. For perioden 2024-2027 er det blitt oppnemnt over 450 medlemmar til nær 100 ulike prøvenemnder. Desse nemndene har det kritiske ansvaret med å utforme og evaluere fag- og sveineprøver, og dei fungerer som sensorar under gjennomføringa av desse prøvene. Deira rolle er avgjerande for å sikre at samfunnet framberingar dyktige fagarbeidarar.
Opplæring er ei avgjerande investering
Sikringa av prøvenemndenes kompetanse er viktig. Derfor har fylkeskommunen innkalla alle prøvenemnder til eit webinar i januar. Der fekk dei grundig informasjon om sine plikter og ansvar.
Vidareblir dei kalla inn til samlingar innanfor deira fagområde der dei vil arbeide med utfordringar, prøver, vurderingskriterier og andre praktiske forhold. I løpet av den fireårige perioden mottek prøvenemndene kontinuerleg oppfølging og støtte frå fylkeskommunen.
Berre i Møre og Romsdal blir det kvart år gjennomført 1900 fag- og sveineprøver. Dette hadde aldri kunne latt seg gjere utan dei 450 medlemmene i prøvenemndene.
Kvar nemnd skal inkludere minst to medlemmer med formell fagleg kompetanse innanfor det relevante området. I tillegg til dette, er det ønskjeleg at medlemmane har oppdatert arbeidserfaring frå faget.
Med den innsatsen og dedikasjonen våre prøvenemnder legg ned, kan vi være trygge på at fag- og yrkesopplæringa held fram med å levere høgt kvalifiserte fagarbeidarar til samfunnet vårt.