Nye tal om likestilling – framleis lang veg å gå

Kjønnsbalansen i fylket står meir eller mindre på staden kvil. Det viser ferske tal frå SSB

Kvinne i raud genser framfor ein pc, i lag med mann i blå genser. - Klikk for stort bileteIngunn Bekken Sjåholm, plansjef og Paul Magne Eidhammer, fagsjef, skulle ønske likestillinga hadde kome lenge i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyleg slepte Statistisk sentralbyrå (SSB) indikatorar for likestilling, som inntekt, sysselsetting, deltid, politisk representasjon, utdanning, også for fylka. For Møre og Romsdal er det ikkje store endringar sidan 2012. Ingunn Bekken Sjåholm, plansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, skulle ønske det var ei anna utvikling.

-Den skeive kjønnsbalansen i utdanningsval, yrkesval og dermed inntekt har vist seg svært vanskeleg å endre. Dette gir oss nokre samfunnsutfordringar som vi må diskutere og ta tak i, seier ho.

På desse felta er det lite endring:

  • Menn har høgare inntekt, i 2022 tente menn i Møre og Romsdal i gjennomsnitt nær 200 000 kroner meir i året enn kvinner 
  • Stort kjønnsskilje mellom sektorane: 67,2 prosent av dei tilsette i privat sektor er menn, 74,9 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal er kvinner
  • Utdanningsgapet mellom kvinner og menn fortset å auke.

På desse felta er det framgang: 

  • Færre kvinner jobbar deltid, frå 2015 til 2022 har delen kvinner som jobbar deltid i Møre og Romsdal gått ned med heile 10,2 prosentpoeng, frå 50,3 prosent til 40,1 prosent.
  • Sidan 2012 har det vore ei auke i kvinnelege leiarar, det er ein auke på 5,3 prosentpoeng dei siste åra, frå 32,2 prosent til 37,5 prosent.

På desse felta ligg vi under landssnittet

I 2022 skårar vi lågare enn landsgjennomsnittet på 10 av 12 indikatorar. Møre og Romsdal har den lågaste skåren av alle fylka på grad av kjønnsbalanse i næringsstrukturen og når det gjeld deltidsarbeid blant kvinner og menn. Vi er også blant fylka som har størst forskjell mellom menn og kvinner når det gjeld utdanningsnivå. 

På desse felta ligg vi over landssnittet

  • fedre som tar barselpermisjon 
  • andel barn i barnehagen
  • andelen kvinner som er sysselsett

Balanse viktig for demokratiet

Sjåholm og Paul Magne Eidhammer er tett på samfunnsutviklinga frå år til år. Dei står bak regional planstrategi, fylkesplan og fylkesstatistikken, der kjønnsbalanse og likestillinga er blant tema som har fast plass. Ein god kjønnsbalanse meiner dei viktig for både arbeidslivet og det politiske.  Her finn du fylkesstatistikken og tal om sysselsetting fordelt på kjønn.

-   Ei nokolunde jamn fordeling mellom kjønna er ein styrke i all samfunnsutvikling, fordi vi har med oss ulike perspektiv. Det er viktig for demokratiet. Men som tala frå likestillingsindeksen viser, er dette faktorar som har vist seg vanskeleg å påverke, seier Eidhammer.

- Korleis står det til med kjønnsbalansen i dei nye kommunestyra etter valet i haust?

-  Eg hadde håp om at dette var ein indikator vi ville sjå forbetring på etter kommunalevalet i haust, men heller ikkje her er det stor endring frå sist periode når vi ser på heile fylket under eitt, dessverre. Kvinnedelen i kommunestyra i Møre og Romsdal er no 36,9 prosent, det er berre 0,6 prosentpoeng meir enn førre periode, seier Sjåholm.

Begge peiker på næringsstrukturen i fylket som ei forklaring på forskjellane. Fiske, petroleum, og industri er tradisjonelt mannsdominerte næringar. 

-  Vi veit at kvinner i større grad enn menn flyttar ut for å studere. Nokon blir verande på studiestaden, blant anna fordi heimfylket ikkje har dei rette arbeidsplassane. Vi vil gjerne ha fleire kompetansearbeidsplassar for kvinner – og menn - med høgare utdanning i fylket.

Dette er eit godt argument for at Møre og Romsdal skal få fleire statlege arbeidsplassar, fordi dette er arbeidsplassar som vi veit at kvinner med utdanning vil søke. 

Sjåholm ser lyst på betydninga av den teknologiske utviklinga, i eit likestillingsperspektiv.

- Dei nye jobbane som kjem, trur eg vil appellere til kvinner med høg kompetanse og bidra til eit betre kjønnsrekneskap.

Likestillingsindeks

Indikatorer for kjønnslikestilling. Grunnlagstall, etter region, statistikkvariabel og år. Nyaste tal frå SSB, publisert desember 2023
Likestillingsindeks
IndikatorarMøre og Romsdal 2012Landet 2012Møre og Romsdal 2021Landet 2021Møre og Romsdal 2022Landet 2022Møre og Romsdal - endring 2012-2022Landet - endring 2012 -2022Møre og Romsdal - endring 2021-2022Lander- endring 2021-2022
Andel barn 1-5 år i barnehage (prosent)92,590,195,493,494,993,42,43,3-0,50,0
Andel menn blant kommunestyrerepresentanter (prosent)64,161,863,659,563,659,5-0,5-2,30,00,0
Andel kvinner blant kommunestyrerepresentanter (prosent)35,938,236,440,536,440,50,52,30,00,0
Andel menn med høyere utdanning (prosent)20,126,024,231,124,831,74,75,70,60,6
Andel kvinner med høyere utdanning (prosent)27,431,635,940,637,041,69,610,01,11,0
Andel menn (20-66 år) i arbeidsstyrken (prosent)84,582,980,979,181,379,7-3,2-3,20,40,6
Andel kvinner (20-66 år) i arbeidsstyrken (prosent)77,976,875,974,875,574,9-2,4-1,9-0,40,1
Gjennomsnittlig bruttoinntekt, menn (kr)459 500470 500613 400651 400620 900645 800161 400175 3007 500-5 600
Gjennomsnittlig bruttoinntekt, kvinner (kr)292 300313 100409 000440 400423 100455 300130 800142 20014 10014 900
Andel sysselsatte menn (20-66 år) som jobber deltid (prosent)**15,116,614,716,3**-0,4-0,3
Andel sysselsatte kvinner (20-66 år) som jobber deltid (prosent)**41,636,640,135,4**-1,5-1,2
Andel fedre som tar hele fedrekvoten eller mer av foreldrepengeperioden70,068,164,062,065,664,7-4,4-3,41,62,7
Grad av kjønnsbalansert næringsstuktur (skår)0,520,600,530,610,530,610,00,00,00,0
Andel menn blant sysselsatte (20-66 år) i offentlig sektor (prosent)24,829,325,129,925,1300,30,70,00,1
Andel kvinner blant sysselsatte (20-66 år) i offentlig sektor (prosent)75,270,774,970,174,970-0,3-0,70,0-0,1
Andel menn blant sysselsatte (20-66 år) i privat sektor (prosent)66,863,567,463,567,263,40,4-0,1-0,2-0,1
Andel kvinner blant sysselsatte (20-66 år) i  privat sektor (prosent)33,236,532,636,532,836,6-0,40,10,20,1
Andel menn blant ledere (20-66 år) (prosent)67,864,863,462,462,562-5,3-2,8-0,9-0,4
Andel kvinner blant ledere (20-66 år) (prosent)32,235,236,637,637,5385,32,80,90,4
Grad av kjønnsbalanse i utdanningsprogram på videregående skole (skår)0,640,660,640,670,640,670,00,00,00,0