Nye tre på plass etter hærverk

17 nye tre er no planta i Ålesund sentrum, som ein del av kollektivknutepunktet. Dei nye trea erstattar dei som vart utsett for hærverk i fjor.

Gravemaskin i gate - Klikk for stort bileteDei nye trea må plantast ved hjelp av gravemaskin. Else Britt Ervik

Prosjektet for Bypakke Ålesund stod ferdig i desember 2023. Området fått ei oppgradering med breie, oppvarma fortau, tre i plantekasser og romslege venteskur. 

- Vi er glade for å få nye tre på plass. Dei er viktige for eit grønt og trivele bymiljø, seier byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hanne Skrede.  

Plantane er ein viktig del av heilskapen i det nye kollektivområdet. Det er entreprenøren ACO anlegg AS som har sett ut dei nye trea, som må plantast individuelt med gravemaskin i plantekasser under bakken.  

- Vi håpar trea no får stå i fred slik at dei kan bidra til trivsel for alle, seier Skrede.

Gravemaskin på fortau - Klikk for stort bileteNye tre både i Korsegata og Keiser Wilhelms gate. Else Britt Ervik