Per Espen Stoknes, TED Global Speaker, utdanna psykolog med dr.grad i grøn økonomi fra Universitetet i Oslo kjem til Ålesund 2. oktober. Foto: Privat
Privat / Møre og Romsdal fylkeskommune
Temaet for Regional plan- og klimakonferanse 1. og 2. oktober er «Mot til å tenke nytt i planlegging av ei framtid med knappe ressursar». Då møtest tilsette som arbeider med planlegging, natur og klimaomstilling i kommunar, stat og det private frå heile regionen.
Tema i tida
Plansjef Ingunn Bekken Sjåholm i Møre og Romsdal fylkeskommune meiner temaet er i tidsriktig og viktig:
– Kommunar, næringsliv og lokalsamfunn står ovanfor store samfunnsutfordringar knytt til endra demografisk samansetting, mangel på kvalifisert arbeidskraft, utanforskap og natur- og klimakrise. Gjennom gode planprosessar kan vi finne ut korleis vi best kan møte desse utfordringane, og korleis ressursane skal nyttast til det beste for fellesskapet. Planlegging er eit viktig verktøy for å avvege ulike omsyn, dempe konfliktar og bli samde og felles prioriteringar, seier Sjåholm.
Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Første dagen kjem mellom anna Ulf Andresen som er ein mykje brukt foredragshaldar og er talsperson for NAV i media, kjent for si evne til å gjere kjedeleg statistikk og viktige bodskap lettfatteleg og underhalden. På dag to kjem blant andre Per Espen Stoknes, som har ein TED-talk om klimapsykologi som er sett over 3,2 millionar gangar.
Viktigaste arenaen
Den regionale plan- og klimakonferansen er den viktigaste arenaen innan planlegging, natur og klima for å oppdatere seg og samarbeide på tvers av kommunegrensene. I tillegg til eit godt fagleg program, er det lagt opp til aktivitetar for deltakarane for å bli kjent og få gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi skal planlegge for framtida i Møre og Romsdal.
Det er fortsett ledige plassar igjen, men det er ingen grunn til å vente til påmeldingsfristen 15. september.
Nettside for program for konferansen, og påmelding