Frå Langøya, Averøy.
Per-Kristian Bratteng
Møre og Romsdal fylkeskommune er partner i BlueNature, eit nytt forskingssenter for berekraftig forvaltning av kyst- og havareal. Senteret blir leia av NIVA i samarbeid med SINTEF Ocean og samlar offentlege og private aktørar.
For Møre og Romsdal handlar deltakinga om ei konkret utfordring: Mange interesser skal finne plass i dei same fjord- og kystområda.
Havbruk og andre havnæringar treng areal for å utvikle seg. Samtidig skal kommunane planlegge arealbruken og ta vare på naturverdiane. BlueNature skal utvikle kunnskap, metodar og verktøy som kan gi eit betre grunnlag for slike avgjerder.
Skal bruke kunnskapen i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune skal ikkje berre ta imot resultat frå forskinga, men også bidra i arbeidet. Planen er mellom anna å bidra med pilotområde og delta i utvikling og testing av nye metodar for marin arealplanlegging.
Målet er at forskinga skal kunne brukast når kommunar og andre myndigheiter må vege ulike interesser mot kvarandre.
– I Møre og Romsdal skal vi både skape rom for vidare utvikling av havnæringane og ta vare på naturverdiane langs kysten. Det krev gode kunnskapsgrunnlag når ulike interesser skal vegast mot kvarandre. Gjennom BlueNature får vi vere med på å utvikle og prøve ut kunnskap og verktøy som kan gi kommunane og næringslivet eit betre grunnlag for gode og langsiktige avgjerder, seier næringssjef Hilde Aspås.
– Ny kunnskap er viktig
For kommunane kan betre kunnskap vere viktig når dei skal planlegge kystsona og vurdere konsekvensane ulike tiltak kan få for både natur og næringsliv. Det blir understreka av kommuneplanleggar Linn Eidem Myrstad i Hustadvika kommune:
– I arbeidet med sjøarealplanen for Hustadvika og Aukra kommunar har vi sett kor viktig eit godt kunnskapsgrunnlag er for å kunne gjere gode avvegingar mellom næringsutvikling, bruk av sjøareala og omsynet til naturen. Vi har komme i mål med ein oppdatert plan for begge kommunane, men betre kartlegging av sjøareala ville gitt oss eit enda sterkare grunnlag for planlegginga. Derfor er forsking og ny kunnskap på dette området svært verdifullt for kommunane og for ei langsiktig og berekraftig forvalting av kystområda våre, seier Myrstad.
BlueNature startar opp i 2026.