Bustadplanlegging er aktuelt i mange kommunar. No er det laga eit kunnskapsgrunnlag som skal bidra i arbeidet.
Eskil Bjerkestrand
Bustadpolitikk står høgt på dagsorden i fylket, og mange kommunar er i gang med å utvikle bustadpolitiske strategiar for framtida. For å støtte dette arbeidet har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd både statistikk og kunnskapsgrunnlag som kommunane kan bruke til å utforme dei bustadpolitiske planane sine.
Prognosar basert på etterspørsel
Det er laga bustadprognosar for alle kommunane i fylket, basert på Pandamodellen, som er utvikla av Panda Analyse og fylkeskommunane. Modellen analyserer etterspørsel etter ulike bustadtypar, med utgangspunkt i faktorar som geografisk plassering, hushaldsstorleik og alderssamansetting.
– Vi har brukt Pandamodellen og kopla han til anna statistikk, og no leverer vi eit samla kunnskapsgrunnlag som kommunane kan bruke i bustadplanlegginga si, seier fylkesplansjef Ingunn Bekken Sjåholm.
Materialet inneheld også nøkkeltal for bustadsektoren og kan lastast ned frå fylkeskommunen sine nettsider under Kommunestatistikk.
I tillegg er det utarbeidd eit diskusjonsnotat som inneheld sentrale tema og spørsmål som kan sette kommunane på sporet og gi dei viktig kunnskap når dei skal meisle ut politikken sin.
Gir kommunane godt grunnlag for bustadpolitikken
Å planlegge bustadar i framtida er eit omfattande arbeide som må ta omsyn til alt frå demografisk utvikling, bustadmarknad, hushaldsstruktur og arealbruk, i ulike delar av kommunen.
- Målet vårt er å gi kommunane eit godt utgangspunkt for heilskapleg bustadplanlegging og politikkutforming, og legge til rette for arbeidet som dei står i no, seier Bekken Sjåholm.
Her finn du samla kunnskapsgrunnlag for bustadplanlegging