Nytt samarbeid skal styrke næringsutviklinga

Fylkeskommunane, Innovasjon Norge, Siva og Forskningsrådet skal samarbeide tettare om næringsutvikling, innovasjon og forsking i heile landet.

Fem personar. - Klikk for stort bileteSamarbeidsplattformen vart signert onsdag. Foto: Ninja Sandemose/Oslo kommune

Samarbeidsplattformen blei signert i Oslo onsdag 28. oktober.

Bakgrunnen er at aktørane meiner betre samarbeid på tvers av verkemiddel og organisasjonar er nødvendig for å lykkast med næringsutvikling, innovasjon, forsking og utvikling lokalt og regionalt. Målet er å få meir ut av innsatsen gjennom samarbeid enn det kvar aktør kan oppnå åleine.

Partane skal dele kunnskap og erfaringar og få betre kjennskap til oppdraga, måla og verkemidla til kvarandre. Dei skal også utvikle felles satsingar.

Partane skal ha to leiarmøte i året, eitt om våren og eitt om hausten. Eit arbeidsutval skal førebu møta og følge opp arbeidet. KS er sekretariat, og Kommunal- og distriktsdepartementet deltar som observatør.