Ungdommens fylkesråd med faste medlemmar og varamedlemmar Framme frå venstre: Sandra Hjelvik, Thanura Premakumar, nestleiar Kenni Dogbey, leiar Lisa Marie Roald, Sofie Gjervik. Bak fra venstre: Anders Krogset, Marius Ringstad, Signe Roaldset-Fiske, Safa Ibrahim, Olivier Karkoszka, Birk Blindheim Ullaland, Paul Daniel Roth, Mikael Mangino Sætre, Ylva Baldersheim.
Per-Kristian Bratteng
Tildelinga blei gjort på rådet sitt første møte i helga og omfattar ungdomsretta aktivitetar i heile fylket. Nestleiar Kenni Dogbey leia saka om tildelinga av ungdomsmidlar, sidan nyvald leiar Lisa Marie Roald var inhabil i saka.
– I behandlinga av saka har vi vore opptekne av å nå flest mogleg unge og ungdomsråd. Desse midlane er heilt avgjerande for å få til aktivitet lokalt, seier Dogbey.
Ungdomsmidlane skal støtte tiltak som skaper aktivitet, engasjement og deltaking blant ungdom i heile fylket. For 2026 er den totale potten på 250.000 kroner. Neste tildeling skjer i desember.
Desse fekk støtte:
- Ungdomsgruppa i Vartdal TIL (Ørsta): Open ungdomskveld på VD-stadion – 7.000 kroner
- Tingvoll ungdomsråd (Tingvoll): Ungdomsbuss – 14.000 kroner
- Ung i Volda (Volda): Bandrom på ungdomsklubben – 15.000 kroner
- Emblem bedehus ungdomsforening (Ålesund): Utstyr til sosiale aktivitetar – 8.000 kroner
- UngMulig (Rauma): Lokal volleyballturnering – 13.500 kroner
- Hustadvika ungdomsråd (Hustadvika): Samling for elevråd og ungdomsråd – 8.000 kroner
- Fjord ungdomsråd (Fjord): MOT til 1. mai – 20.000 kroner
- Sande kommune (Sande): Samling for ungdomsråd – 7.000 kroner
- Aure ungdomsråd (Aure): Ung i Aure – 6.000 kroner
- Sunndal ungdomssenter (Sunndal): Kjøkkenutstyr – 13.500 kroner
- Hareid ungdomsråd (Hareid): Bli-kjent-fest på klubben – 11.000 kroner
Ungdommens fylkesråd blei valt av fylkestinget i førre veke og konstituerte seg på møtet i helga. Lisa Marie Roald frå Giske er leiar, og Kenni Dogbey frå Vestnes er nestleiar.