Nytt ungdomspanel skal løfte fram dei unges stemme i politiske saker i Møre og Romsdal

 Den 15. til 17. mars vart det arrangert Ungdommens fylkesting i Kristiansund. Tinget innstilte Magnus Smørdal, 18 år frå Molde som leiar av Ungdomspanelet og Iver Aarebrot, 16 år, frå Haram som nestleiar.

Ei gruppe ungdommar står oppstilt inntil ein vegg - Klikk for stort bileteUngdomspanelet; innstillte medlemmar: Framme fra venstre: Iver Aarebrot, Nestleiar Rikke Frilund, 3. varamedlem Ida Fjerstad, medlem Kristine Dimmen, 1. varamedlem Linda Mordal, medlem Kenni Dogba, 5. varamedlem Bake frå venstre Noah Arntzen, 4. varamedlem Kasper Dalhaug, medlem Magnus Smørdal, leiar Mads Harstad, medlem Lisa Marie Nikolaisen Roald, medlem Nikola Bileska, medlem Nora Breivik, 2. varamedlem Håkon Brekke

Ungdommens fylkesting innstilte i helga nye medlemmar til ungdomspanel. 

Dette er innstillinga til nytt Ungdomspanel for Møre og Romsdal, fram til mars 2025:

  • Magnus Smørdal (18) , frå Molde kommune (leiar av Ungdomspanelet) 
  • Iver Aarebrot (16), frå Haram kommune (nestleiar) 
  • Ida Fjerstad (17), Kristiansund kommune 
  • Linda Mordal (15), Hustadvika kommune 
  • Lisa Roald (16), Giske kommune 
  • Mads Harstad (19), Kristiansund kommune 
  • Nikola Bileska, (18), Averøya kommune 
  • Ola Orset, (17), Gjemnes kommune 
  • Kasper Dalhaug (17), Volda kommune
  • Kristine Dimmen, (18)Sula kommune, 1. vara
  • Nora Brevik,  (16) Smøla kommune, 2. vara
  • Rikke Frilund, (18) Rauma kommune, 3. vara
  • Noah Arntsen, (15) Haram kommune, 4. vara
  • Kenny Dogbey,  (16) Vestnes kommune, 5. vara

 

Formelt vil dei nye medlemmene bli valgt av fylkestinget i april.

5 av medlemmane vart valt for 2 år ved sist val og vil sitte fram til neste Ungdommens fylkesting i 2025. 

Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. 

Arbeidsutval

Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei arbeider med saker mellom årlege ting, og møtast minst seks gongar i året.

Gjennom ungdomspanelet får ungdom i Møre og Romsdal

  • reell medverknad på politikk og samfunnsutvikling i kommunar og fylket
  • dei kan påverke politiske saker i fylkeskommunen
  • bidra til å auke ungdommane sitt samfunnsengasjement
  • vere med på opplæring og erfaring i demokratiske prosessar
  • representerer ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå, og har kontakt med ungdom i dei lokale ungdomsråda.

 

Kontaktperson:

Åse Helene Stenerud, UNG-koordinator, mobil: 94847412