Nytt Vestlandsråd 2023-27 med fylkesordførar Anders Riise som leiar

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise (H), er vald til leiar av Vestlandsrådet for 2024. 

Portrett av mann i mørk dressjakke - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise. Magnar Fjørtoft

Vestlandsrådet er rigga for å styrke Vestlandet som landsdel. 18 politikarar frå fylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn kvart fylke kvar for seg.

– Vi samlar kreftene for å utvikle Vestlandet. Landsdelen har ein næringsstruktur med felles utfordringar på tvers av fylkesgrensene, seier Vestlandsrådet sin leiar, Anders Riise.

Sterke eksportnæringar

Han seier og at regionen Vestlandet står for ein betydeleg del av eksporten i landet, befolkning, sysselsetting og verdiskaping. Her er sterke eksportnæringar med grønt potensial. Havet, fjordane, fjell og natur gir store moglegheiter for vekst.

Prioriterte satsingar i felles næringsstrategi vert forankra i:

  • Finansiering og rammevilkår for kollektivtransport sjø
  • Eksportindustrien sine rammevilkår
  • Samferdsel med ferjefri E39
  • Energisituasjonen
  • Eksportnæringar i felles næringar til maritim, marin og energi

Næringsstrategien skal bidra til å sikre rammevilkår for berekraftig vekst, auka sysselsetting og grøn omstilling av næringslivet på Vestlandet.

Arbeid på nasjonalt nivå

Ein vesentleg del av arbeidet til rådet vil vere retta mot regjeringsapparatet og mot Stortinget, der medlemsfylka samla har om lag ein tredel (50 av 165) av representantane.

Faste medlem frå Møre og Romsdal er Anders Riise (H), Anne Marie Fiksdal (FrP), Randi Walderhaug Frisvoll (KrF), Line Hoem (Ap) og Per Ivar Lied (Sp).

Møteinnkalling, saksframlegg og vedtak frå møtet i Vestlandsrådet torsdag 11. januar 2024 finn du på mrfylke.no.