Nyttar ny støtteordning for å kople arbeidslivet tettare på undervisning

«Om eg kunne valt så hadde alle skuledagar vore slik». 

Elevar i praktisk arbeid på skule - Klikk for stort bileteEin praktisk skuledag på Molde VGS Lina Vassdal

Det blei ein skuledag heilt utanom det vanlege for realfagselevar ved Molde VGS denne veka. Newton Sunndal ga elevane realfagsundervising med praktiske oppgåver. Dei erein læringsarena på Sunndalsøra som tilbyr undervisning i realfag på en praktisk og spanande måte.  Kristine Elisabeth Aas Herje frå Brunvoll var til stades for å hjelpe elevane med å forstå yrkesrelevansen i det dei lærte.

Storfornøgde elevar

Elevane var nøgde med dagen og utbyttet dei fekk. Dei meinte at det var kjekt og lærerikt, særleg med det praktiske arbeidet. Som ein sa: «Skulle eg valt korleis ein skuledag skulle vore, så hadde den vore som i dag».

Ungdommen er det viktigaste vi har, seier Brunvoll

Gruppebilete tre personer foran ei whiteboard-tavle - Klikk for stort bileteFrå venstre: Gerd Henny Holmeide- avdelingsleiar på realfag, Kristine Elisabeth Aas Herje frå Brunvoll og Torgeir Kårvand frå Newton Sunndal. Lina Vassdal

«Vi vil promotere realfag og vise kva man kan bruke det til. Brunvoll er opptatt av å være med i lokalmiljøet og bidra til vekst i Molde», seier Kristine. Ho fortsett med å slå fast at: «Ungdommane er det viktigaste vi har, og Brunvoll har som mål at nokon ser at det finnes relevante arbeidsplassar i Molde». 

Fylkeskommunen testar ut ny støtteordning

Fylkesstrategi for kompetanse 2024-2027 vart vedtatt i desember 2023. Strategien har mellom anna mål om å skape tettare samarbeid mellom arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar for å auke yrkesrelevansen i opplæringa. Fylkeskommunen testar derfor no ut ei tilskotsordning for å mobilisere til tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv.

Søknadsfrist for ordninga er 15. mai og du kan lese meir om ordninga her.