Mørebenken er på plass også i år. Bildet er frå fjorårets konferanse.
Inger Johanne Moene
Å skape dialog og felles forståing for utfordringane i fylket vårt er målet når den åttande Nyttårskonferansen samlar dei ulike forvaltningsnivåa på Scandic Seilet i Molde.
Taktskifte i fylket
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung opnar konferansen før kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran gir eit oppspel til dagens tema. Helge Eide frå KS – og medlem i Kommunekommisjonen – tar for seg behovet for omstilling og spør om det vil bli mindre statleg styring med Kommunekommisjonen.
Les meir om konferansen og programmet for Nyttårskonferansen.
På ettermiddagen står beredskap på agendaen, med innlegg frå Statsforvaltaren og Røde Kors om totalforsvarsåret 2026 og status for beredskapsarbeidet i kommunane.
Prisen for «Årets Regionbyggar 2025» blir også delt ut under middagen på kvelden. Prisen går til ein aktør som har utmerka seg som ei samlande kraft i fylket.
Mobilisering og debatt
Fredag er temaet mobilisering av arbeidskraftreserven. Blant anna vil Stein Veland frå Nav og Lene Trude Solheim i NHO presentere korleis offentleg sektor kan lære av næringslivet. Forskar Ragnhild Waldahl frå Nordlandsforskning legg fram YOUTH-prosjektet og Georg Ole Vesterhus, frå Husbanken Midt-Norge presenterer eldreboligprogrammet og nye verkemidlar.
Konferansen avsluttast fredag med ein debatt med Mørebenken, leia av Arill Riise, journalist og tidlegare nyheitsanker i TV2.
Konferansen er for inviterte, men du kan følge strømminga av konferansen via denne lenka.