Tunnelen mellom Korsmyra og Indreeide har offisiell opning 9. mars.
Erlend Aune
Programmet startar ved tunnelen på Indreeide kl. 13.00, med kaker, kaffe og kulturelt innslag. Alle innbyggarar og andre interesserte er velkommen til markeringa.
Til stades på arrangementet blir ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen og ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang. Frå Møre og Romsdal fylkeskommune kjem fylkesordførar Anders Riise, fylkesvaraordførar Anne Marit Fiksdal og leiar av Nasjonal rassikringsgruppe, Randi Walderhaug Frisvoll.
Geiranger og besøkande får no trygg heilårsveg forbi dei 13 skredpunkta gjennom Indreeidsdalen.
Vegprosjektet Korsmyra-Indreeide mellom Eidsdal og Geiranger består av ein 4,9 kilometer lang tunell gjennom eit område som er utsett for snøskred. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore byggherre på prosjektet med Stig Vindenes som prosjektleiar og Erlend Aune som byggeleiar.
Løp av Eidsdal idrettslag
Kl. 11.00 laurdag 9. mars vil Eidsdal idrettslag arrangere eit løp i tunnelen, der alle som vil kan melde seg på. Deltakarane kan sykle, gå eller springe med start Korsmyra og målområde i andre enden av tunnelen ved Indreeide. Dette skjer før snorklipping og offisiell opning. Sjå Facebooksida til idrettslaget for meir informasjon om løpet.
Om du ikkje er deltakar i løpet men har lyst å sjå tunnelen før den opnar for trafikk, er den open for fotgjengarar frå 11.00 -12.30. Ein må ikkje røre sikkerheitsutstyr og anna teknisk utstyr i tunnelen. Vis også omsyn til løpet som idrettslaget arrangerer.