Økonomiplan 2026–2029: Stramme grep for framtidig handlingsrom

Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt fram økonomiplanen for 2026–2029. Planen inneheld tiltak for lågare vekst i lånegjeld, bygge opp fond og sikre kvalitet i tenestene. Dette for å møte økonomiske utfordringar og sikre langsiktig berekraft.

Fylkeskommunedirektøren. - Klikk for stort bileteFylkeskommunedirektør Toril Hovdenak legg fram økonomiplan 2026-2029. Per-Kristian Bratteng

Fylkeskommunen har over tid hatt høgt drifts- og investeringsnivå, høg lånegjeld og tappa disposisjonsfondet. Difor foreslår fylkeskommunedirektøren tiltak som skal styrke den økonomiske styringsevna og gi rom for nødvendige prioriteringar framover.

– Dei siste åra har fylkeskommunen gjennomført omfattande omstilling og redusert både drifts- og investeringsnivået. Med denne planen held vi fram det målretta arbeidet for å sikre evne til å møte framtidige behov og skape økonomisk handlingsrom, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

– Vi må ta ansvarlege val no

– Vi må ta ansvarlege val no for å sikre at vi også i framtida har råd til å investere i skole, samferdsel, tannhelse og utvikling. Difor  foreslår vi å overføre midlar frå drift til investering og byggjer opp fondet vårt i denne økonomiplanperioden. Dette handlar ikkje berre om økonomi, men om å legge til rette for ei ønska samfunnsutvikling og gode tenester – både i dag og i framtida, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.

Stramt investeringsnivå i 2026

I 2026 er det lagt opp til investeringar på i underkant av 1 milliard kroner – berre dei mest nødvendige prosjekta blir gjennomført. Dette skal sikre økonomisk handlingsrom og redusere låneopptak. Det største investeringsprosjektet i planperioden er Ørsta KKS – eit nytt kompetanse- og kulturbygg som er planlagt i samarbeid med Ørsta kommune. Prosjektet skal gi moderne og framtidsretta fasilitetar for vidaregåande opplæring og kulturaktivitetar.

Strukturelle grep og framtidige utfordringar

Økonomiplanen legg også til rette for nødvendige strukturelle endringar framover. Dette gjeld mellom anna arbeidet med ny skole- og tilbodsstruktur, som går parallelt med økonomiplanarbeidet og skal sikre god ressursbruk og fagleg kvalitet i vidaregåande opplæring. På samferdselsområdet står fylkeskommunen overfor store utfordringar med vedlikehaldsetterslep, behov for opprusting av bruer og tunellar,  aukande kostnadar i driftskontrakter og behov for effektivisering. Desse områda krev langsiktig planlegging og tydelege prioriteringar for å sikre god infrastruktur innanfor dei økonomiske rammene.

Behov for tilpassing og prioritering

Bakgrunnen for grepa er høg lånegjeld, aukande rentekostnadar og vedvarande høg prisvekst, kombinert med stramme økonomiske rammer. Dette krev både økonomiske og strukturelle tilpassingar for å sikre berekraftig drift og framtidig handlingsrom.

Politiske føringar og vidare prosess

Økonomiplanen er utarbeidd med bakgrunn i sak om strategi og rammer for økonomiplan 2026–2029 (fylkestingssak 31/25) vedtatt av fylkestinget i juni. Dei politiske føringane og måltala frå dette vedtaket har vore styrande for arbeidet med planen. Med desse grepa legg vi til rette for at fylkestinget også i framtida kan prioritere målretta utvikling og investeringar som kjem innbyggarane til gode.

Økonomiplanen er no lagt fram for politisk behandling. Endeleg vedtak vert gjort på fylkestinget 10. desember.

Nøkkeltal for 2026

  • Netto driftsresultat: 5,6 % (488,9 mill. kroner)
  • Gjeldsgrad: 94 % (stig til 102 % i 2029 som følgje av tidlegare investeringar og låneopptak)
  • Investeringsnivå: ca. 1 mrd. kroner i 2026, totalt 4,47 mrd. kroner i perioden
  • Fond: mål om 10 % av brutto driftsinntekter innan 2028, 870 mill. kroner

 

Les økonomiplanframlegget her 

Sjå opptak av fylkeskommunedirektøren sin presentasjon