Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
Per-Kristian Bratteng
– Vi skal ta vare på viktig infrastruktur, investere for framtida og halde økonomien på rett kurs. Denne planen gir rom for begge deler, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
Forslaget omfattar investeringar på om lag 1,4 milliardar kroner i 2027 og totalt 5,3 milliardar kroner i perioden 2027–2030.
Store investeringar i heile fylket
Den største delen av investeringane er knytt til samferdsel, der fylkeskommunen held fram arbeidet med opprusting og vedlikehald av fylkesvegar, tunnelar, bruer og ferjekaier. I tillegg er det sett av midlar til vidareutvikling av skolebygg og tannhelseklinikkar.
– Desse investeringane skal gi tryggare vegar, betre læringsmiljø og moderne tannhelsetenester. Det handlar om tilbod som innbyggjarane møter kvar einaste dag, seier Hovdenak.
Vil finansiere meir med eigne midlar
Den styrka økonomiske situasjonen kjem av fleire forhold. Dei siste åra har fylkeskommunen gjennomført omfattande omstillingstiltak og hatt sterk merksemd på økonomistyring. I tillegg har auka skatteinnntekter, auka statleg finansiering, mellom anna innan ferjedrifta, bidrege til å styrke det økonomiske handlingsrommet.
Nøkkeltal for budsjettet 2027.Samtidig har Møre og Romsdal fylkeskommune framleis ei av dei høgste lånegjeldene blant fylkeskommunane. Rente- og avdragsutgifter bind opp ein stadig større del av inntektene og gjer det viktig å ta vare på det økonomiske handlingsrommet som er skapt dei siste åra.
Økonomiplanen legg derfor opp til at ein større del av investeringane skal finansierast med eigne midlar. Målet er å dempe veksten i lånegjelda, redusere framtidige rente- og avdragskostnader og byggje ein meir robust økonomi.
– Det økonomiske handlingsrommet er skapt gjennom målretta omstilling over fleire år og betre rammevilkår frå staten. No brukar vi dette handlingsrommet til å styrke økonomien vidare og redusere risikoen som følgjer av høg gjeld. Noko som vi må halde fram med i åra som kjem, seier Hovdenak.
Kan sende inn høyringsinnspel
Forslaget til Økonomiplan 2027–2030 med budsjett for 2027 ligg ute til offentleg høyring. Kommunar, organisasjonar, næringsliv, innbyggjarar og andre interesserte kan sende innspel til forslaget.
Vidare behandling
Framlegg til Økonomiplan 2027-2030 med budsjett for 2027 skal behandlast i hovudutvala 9. november og i fylkesutvalet 24. november, før fylkestinget gjer endeleg vedtak om økonomiplanen og budsjettet 9. desember.
Mål for økonomiplanen
- Sikre nødvendige investeringar
- Styrke den økonomiske bereevna
- Redusere behovet for låneopptak
- Gi rom for gode tenester og framtidige satsingar i heile fylket
Her kan du lese forslaget til økonomiplan 2027-2030
Her kan du lese «Budsjettet på 1-2-3»
Lenke til skjema for høyringsinnspel
Her kan du sjå opptak av fylkeskommunedirektøren sin presentasjon av økonomiplan 2027-2030