Elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad (til venstre) og mobbeombod Kristin Øksenvåg under framlegginga av årsrapporten frå omboda.
Per-Kristian Bratteng
Tysdag fekk fylkestinget lagt fram rapporten frå mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad.
Rapporten peikar på at stram økonomi, prestasjonsjag og aukande forskjellar trugar verdiane som skal sikre barn og unge tryggleik, tilhøyrsle og meistring.
«Trygge fellesskap er den beste motgifta mot krenkingar, mobbing og utanforskap,» skriv omboda. Dei ser at dei fleste alvorlege utfordringane i barnehage, skule og lærebedrifter har utrygge fellesskap som fellesnemnar. Når fellesskapet sviktar, står barn og familiar ofte åleine.
Fellesskapet under press
Rapporten åtvarar mot verdiforvitring: respekt, solidaritet og likeverd blir lite synlege i praksis. Omboda ber om at fellesskap ikkje blir tomme festtalar, men integrert i kvardagen – frå barnehage til vidaregåande. «Trygge fellesskap må byggjast og haldast ved like kvar dag,» understrekar dei.
Mobbing skjer i klasserommet
Elevundersøkinga 2024 viser at mesteparten av mobbinga skjer i klasserommet. Sosiale prosessar går ofte under radaren til læraren, og frie gruppeval forsterkar utanforskap. Omboda ber om kompetanseheving hos tilsette for å fange opp skjulte mekanismar og skape inkluderande miljø.
Anbefalingar frå omboda
- Løft fellesskapet som verdi og praksis i utviklingsarbeidet.
- Sørg for ressursar og bemanning som gjer det mogleg å romme mangfaldet.
- Involver barn, elevar og føresette med reell medverknad.
Du kan lese saksframlegget til fylkestinget og heile årsrapporten frå omboda, på mrfylke.no.