Ønsker eit godt samarbeid med foreldra i vidaregåande

I desse dagar går det ut eit brev til tusenvis av foreldre til ungdomar som skal starte på vidaregåande skole – frå fylkeskommunen. Målet er eit ønske om tett samarbeid.

19. august er ein viktig dato for over 9000 ungdomar i folket. Då startar eit tre eller fire-årig utdanningsløp i vidaregåande skole.

Datoen er også ein viktig milepæl for om lag dobbelt så mange foreldre og føresette. Dei har no ein ungdom som skal starte i vidaregåande, og for mange er denne rolla heilt ny.

-  Vi ønsker at dei ikkje skal sleppe taket, men framleis skal vere tett på eleven sjølv om dei blir eldre og skal bli meir sjølvstendige.

-  Det er viktig for oss at foreldre blir kjent med korleis dei kan bidra for at samarbeidet mellom skole og heim blir bra, slik at elevane får ein god skolekvardag. Det er bakgrunnen for at vi no sender ut dette brevet, seier Kariann Dimmen Flovikholm, som er kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ny opplæringslov

Kor viktig samarbeidet mellom foreldre og vidaregåande skole er, blir understreka i ny opplæringslov som gjeld frå 1. august i år, der det står at partane skal samarbeide om opplæringa til eleven. Brevet er på mange måtar eit første steg i dette samarbeidet.

Det tar for seg korleis skole og foreldre kan halde kontakt og korleis foreldre kan følge med i skolekvardagen og kva system dei kan bruke. Det fortel litt om korleis dei kan seie i frå dersom eleven ikkje har det bra og kva teneste elev- og lærlingombodet tilbyr.

I brevet blir foreldre og føresette også oppmoda til å støtte opp om ei inkluderande og trygg avgangsfeiring.

Du finn heile brevet her.

Her er oversikta over alle vidaregåande skolar i fylket.