Tater-Millas Hus i Våler kommune i Innlandet er eitt av svært få faste kulturminne knytt til folkegruppa romanifolket/taterane. Det går føre seg ei fredingssak.
Riksantikvaren
– Vi ønsker ei brei involvering, og vi håper det er mange som kan og vil bidra. Særleg viktig er romanifolket/taterane sine eigne stemmer, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkeskommunane har fått eit ansvar for å samle informasjon om kulturminne knytt til romanifolket/taterane i sine fylke.
Romani/taterfolket har fram til nyare tid vore utsett for betydeleg negativ merksemd i form av assimilerings- og fornorskingsprosjekt frå myndigheitene si side. Som eit reisande folk med hovudsakleg uformell økonomi, har dei etterlate seg få tradisjonelle kulturmiljø, og det er i dag få faste kulturminne knytt til denne folkegruppa. Derimot fortel desse viktige historier om taterane si historie i Norge.
Riksantikvaren er som nasjonal kulturmiljømynde ansvarleg for at mangfaldet i samfunnet blir reflektert i kulturmiljøa som blir ivareteken for ettertida. Sidan 2016 har Riksantikvaren arbeidd med å fremme nasjonale minoritetar sitt kulturmiljø, og fram til i dag er det arbeidd med satsingar knytt til kvenske/norsk-finske-, jødiske- og skogfinske kulturmiljø.
Riksantikvaren er no i gang med satsingane for romanifolket/taterane.
Eksempel på aktuelle kulturminne:
- Kulturminne knytt til reise, som liggesletter og buplassar, men også overnattingsstadar på skysstasjonar og på gardar, samt vinterbustadar.
- Kulturminne knytt til næringsverksemd som t.d. knytt til hest, fartøy, blikk- og koppararbeid og handel.
- Eksempel kan vere bustadar, smier, marknadsplassar. Kulturminne knytt til tru- og religionsutøving. Mange av romanifolket/taterane har tilknyting til lav- og frikyrkjelege organisasjonar i det 20. hundreåret.
- Kulturminne knytt til forfølging og tvangsassimilering T.d. knytt til Norsk misjon for hjemløses arbeid, minnesmerke osb.
Du kan også sende innspel på e-post til Møre og Romsdal fylkeskommune eller på e-post til Riksantikvaren.
Dersom du vil nytte brevpost, er adressa:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Postboks 2500
6404 Molde
Frist for å sende inn: Fredag 3. mai 2024
Les meir om prosjektet på Riksantikvaren sine nettsider.