Ønsker tips om arkeologiske funn

Det er i år så lite snø i fjellet, at gjenstandar av arkeologisk interesse kan smelte fram frå gamle snøfonner. Finn du noko slikt; ta kontakt med fylkeskommunen.

Bilde av ein trespade. - Klikk for stort bileteI 2014, i Grovåskaret mellom Eikesdalen og Romsdal, vart det funne restane etter ein trespade, som har blitt datert til 180-340 e.Kr, yngre romartid. Dag Ringstad / Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er oppmodinga frå arkeologane Guro Dehli Sanden og Kristoffer Dahle i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei fortel at denne sommaren kan minne om 2014, som var ein spesielt tørr og varm sommar. I kombinasjon med lite snø i fjellet minka storleiken på snøfonnene i høgfjellet kraftig. Dette førte til at fylkeskommunen fekk inn meldingar om veldig spennande funn, som hadde smelta fram frå gamle snøfonner. Dei fleste funna kan knytast opp mot jakt og fangst av villrein.

– No i år ser det ut til at vi kan få like lite snø i fjella som i 2014. Derfor vil Møre og Romsdal fylkeskommune oppmode folk til å følge litt ekstra med når ein er på tur i høgfjellet, og særleg langsmed smeltande snøfonner og i område kor ein veit det finst jakt- og fangstanlegg. For det er nettopp slike lausfunn og kjennskapen til jakt- og fangstanlegg, som er med å utvide kunnskapen vår lokalt og regionalt om fortidas menneske si bruk av høgfjellet og villreinen som ressurs, seier arkeologane Guro Dehli Sanden og Kristoffer Dahle.

Restane etter ein trespade

Dei fortel at det i 2014, i Grovåskaret mellom Eikesdalen og Romsdal, mellom anna vart gjort funn av restane etter ein trespade, som har blitt datert til 180-340 e.Kr, yngre romartid. Mange skremmepinnar, fleire gevir og bein med slaktemerker, rangler av tre og never (som har vore festa på skremmepinnane og blafra i vinden), og eit fletta tau. Alt trevirke; pinner, never eller liknande som blir funne i høgfjellet, har blitt frakta dit og er av arkeologisk interesse. Vi er og interessert i gevir, bein eller anna organisk materiale som er smelta fram frå snøfonn eller ligg i kant langs ei snøfonn eller område for ei nedsmelta snøfonn.

– Dersom ein er så heldig at ein kjem over noko som kan være av arkeologisk interesse i høgfjellet, så må ein ta bilde av funnstaden med gjenstanden, både nærbilde og oversiktsbilde, slik at det går an å finne att staden. Dersom ein har GPS, må ein ta GPS-koordinatar for funnstaden, om ikkje bør ein gjere ei mest mogleg nøyaktig markering på kart, seier dei.

– Dersom ein ikkje klarer å frakte med seg gjenstanden ned på ein forsvarleg måte utan at den går i stykke, så la den ligge og gi Møre og Romsdal fylkeskommune beskjed om kor den ligg så får vi ta turen og hente den ned.

Snøfonn i høgfjellet. - Klikk for stort bileteLeiting etter funn ved snøfonna ved Grovåskaret. Bildet er frå 2014. Møre og Romsdal fylkeskommune

Gode råd om funn

Viss det er snakk om mange funn som i Grovåskaret, så er det betre å la dei ligge og varsle Møre og Romsdal fylkeskommune. Men dersom det er snakk om eit enkelt funn som ligg langt til fjells, som til dømes ein pilspiss som ein relativt enkelt kan få ned på ein trygg måte, så dokumenter funnstaden, pakk gjenstanden inn, ta den med ned og putt den i eit kjøleskap og varsle fylkeskommunen.

– Dersom noko er fuktig, så pass på at det ikkje tørkar inn, bevar funna kjølig i kjøleskap, kjellar og liknande. Og om det er gevir eller bein, så kan ein gjerne putte dei i frysaren, seier arkeologane.

 

Kontaktpersonar ved funn i høgfjellet: