Opna Campus Kristiansund og knytte band som teikn på samarbeid

Statsminister Jonas Gahr Støre og elevar frå Allanengen skole i Kristiansund fekk æra av å opne Campus Kristiansund.

Elevane var dei som saman med statsministeren i februar 2023 la ned grunnsteinen for bygget.

– Vi skal ikkje klippe snor, slik vi pleier å gjere det. Vi skal knyte eit band som eit teikn på det vi ønskjer å få til i bygget; samarbeid på tvers av alle nivå, sa Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard. Og så starta statsministeren og barna med å knyte banda – eitt som det sto Campus på, og det andre som det sto Kristiansund på.

Støre tidleg kopla på

– Dette er ein stor dag for mange, også for meg fordi eg har fått vere med på reisa, sa statsministeren, som var kopla på då idéen vart skapt. Han la i sin tale vekt på utdanninga som skal skje i bygget:

– Det som har skjedd her fortel minst to ting. Betyding av kunnskap, og utdanning som er lokalt forankra i arbeidsmarknaden som vi lever i. Og så fortel det veldig mykje om Kristiansund – det er blitt ein ny fasade i byen, som fortel kva vi møter.

– Investering i kunnskap har aldri vore bortkasta, sa Støre. – Det er kunnskap som gjer at vi er verdas nest største eksportør av sjømat, verdas tredje største eksportør av gass og verdas sjuande største sjøfartsnasjon. Og sånn sett er vi eit ganske stort land. Men det som skjer her no er eit uttrykk for at vi er store og at vi har ambisjonar på nokre område, sa statsministeren.

– Det er berre fem andre land i heile OECD-området som brukar meir på høgare utdanning per verdiskaping enn Noreg, så vi skal være heilt i verdsklasse på det. Her i bygget kjem vi til å få utdanning i omsorg, helse, maritim, logistikk, økonomi, bærekraftig økonomi, sirkulærøkonomi og velferdsteknologi for å nemne noko. Så her kjem de til å tilføre mykje til landet vårt, sa statsministeren.

Ein draum som blir oppfylt

Fylkesordførar Anders Riise sa at når Campus Kristiansund no står ferdig, er det ein draum for veldig mange som no blir oppfylt.

– Dette er eit bygg, ein institusjon og eit område som vil bety veldig mykje både for Kristiansund, for Nordmøre, men også for Møre og Romsdal. Det er ei glede å sjå den entusiasmen som har blitt skapt her de siste tida, og som no materialiserer seg ut i dette fantastiske bygget. Det vil skape liv og historie for Kristiansund og Nordmøre i mange, mange år framover. Det er no tida startar for Campus Kristiansund. Det er no vi skal begynne å bevise at investeringa var rett, både for BaneNor, Relog/Reitan-gruppa, men også for byen og for dei som har tort å satse, sa fylkesordføraren.

Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard la vekt på kva ein har fått til med å ha tru, visjonar og gjennom samarbeid:

Vi klarte dette saman, med trykk på vi og saman. For bygget med innhaldet og menneska er eit resultat av eit samarbeid som saknar sidestykke i Kristiansund og på Nordmøre, sa Neergaard.

Ein pådrivar for Campus Kristiansund

Møre og Romsdal fylkeskommune har vore ein pådrivar for å realisere Campus Kristiansund. Særleg vart tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik og tidlegare plansjef Ole Helge Haugen tekt fram for rollane dei har hatt som drivkrefter.

Opninga av Campus Kristiansund har blitt markert heile denne veka, og feiringa blir avslutta laurdag med opent hus for dei som vil sjå det nye bygget.