Nye bele bru blei opna i juni 2026Fredag 19. juni opna Møre og Romsdal fylkeskommune den nye Bele bru på fv. 65 i Surnadal.
Den nye betongbrua erstattar det gamle stålrøyret over Beleelva. Brua gir ein meir robust vegkonstruksjon, betre trafikktryggleik og legg betre til rette for fiskevandring i elva.
Tryggare bru og betre forhold i elva
God stemning da Brua blei opnaArbeidet med ny bru starta i august 2025. I anleggsperioden har trafikken gått på ein mellombels veg over elva, med eitt køyrefelt og lysregulering.
Den nye brua er bygd i betong og erstattar ei eldre løysing med stålrøyr. Etter krav frå Statsforvaltaren er brua også godt tilrettelagt for fiskevandring under brua.
– Dette er eit viktig tiltak både for trafikantane og for elvemiljøet. Vi har fått på plass ei ny og tryggare bru, samtidig som løysinga gir betre forhold for fiskevandring i Beleelva, seier byggeleiar Jostein Wengstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Omfattande arbeid i våt leire
Grunnforholda i området har gjort arbeidet ekstra omfattande. Det var våt leire i anleggsområdet, og grunnboringar i viste betydeleg innhald av kvikkleire. Derfor vart det laga ein eigen geoteknisk instruks for prosjektet.
– Vi har måttet flyttet på store mengder masse i løpet av prosjektet. Den geotekniske instruksen har vore viktig for korleis vi gjennomført arbeidet.
Det har også vore utfordringar med lekkasjevatn frå elva ned i byggegropa. Dette, kombinert med langvarig kulde, førte til ekstra arbeid og forseinka framdrift.
Restarbeid etter opninga
Sjølv om brua opnar for trafikk i juni, held prosjektet fram noko lenger. Sluttfristen for prosjektet er i løpet av august.
Etter opninga skal den mellombelse vegen og røyrbrua fjernast, og dyrka mark skal tilbakeførast.