Opna ny gang- og sykkelbru i Sunndal

Eit vellykka spleiselag mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Sunndal kommune har sørga for at Tredalsbrua har fått ein eigen gang- og sykkelveg.

To menn går på gangbrua, gruppe med skoleelvar bark - Klikk for stort bileteOrdførar Ståle Refstie og fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen koste seg under opninga. Jan Ragnvald Eide

Brua sine viktigaste brukarar, nemleg barna, var med og skapte ei fin ramme rundt opninga. Det same gjorde pensjonistar på tur med hundar og småbarnsforeldre med barnevogn.

Ein ny kvardag for gåande og syklande

Om nokon var i tvil om kor viktig gang- og sykkelvegen er, fekk dei frammøtte tydeleg demonstrert det under opninga. Med mykje trafikk langs vegen like ved, er det ingen tvil om at gåande og syklande no får ein betre og tryggare veg.

Ordførar Ståle Refstie fekk æra av å klippe snora, og med seg som hjelparar hadde han 6. trinn frå Tredal skule. Han hadde sjølv vore elev ved skulen og jobba i området, og kunne fortelje om sine eigne opplevingar langs vegen.

Døme på godt samarbeid

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen forklarte elevane på ein artig måte kva prosjektet har kosta. Han fortalde at dersom ein skulle brukt alle pengane på is i staden for bru, kunne alle innbyggarane i Sunndal kommune fått 40 iskremar kvar på butikken.
Han rosa også samarbeidet med kommunen.

– Vi er veldig glade for engasjementet frå kommunen. Utan denne spleisen trur eg ikkje dette hadde blitt noko av. Tusen takk til kommunen!
Levert raskere enn planlagt

Brua har kosta 8,4 millionar kroner ekskludert meirverdiavgift. Prosjektet er finansiert gjennom ein 50/50-spleis mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Sunndal kommune.

Levert før tida

Den hengande gangbana veg om lag 3,5 tonn, i tillegg til rekkverk. Prosjekteringa har vore krevjande fordi den eksisterande Tredalsbrua hadde mykje trafikk. Arbeidet starta i slutten av januar 2026. Det var sett av 20 veker til gjennomføringa, men arbeidet vart gjennomført på litt over 18 veker, sjølv om noko finpuss gjenstår.