Prosjektet omfattar ei 750 meter lang strekning frå Brogata til Notholmen, og er eit viktig steg mot ein samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum.
Karl Arne Remvik frå Ålesund Sykkelforening fekk æra av å klippe snora, før elevar frå Skarbøvik ungdomsskole markerte det nye sykkelfeltet for opna ved å ta det i bruk.
Jesper Wiig ønska velkommen til arrangementet og understreka betydninga av arbeidet.
- Det er viktig at Skarbøvika no har fått ei etterlengta oppgradering. Dette er eit løft for heile nærmiljøet, sa Wiig, som er samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune
Hans Olav Myklebust, leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, var også blant talarane. Han peika på korleis prosjektet gagnar alle trafikantar.
- Det er viktig å gjere det betre for dei som går og syklar. Samstundes blir det betre for bilistane med breiare veg og ny asfalt. Det ferdige resultatet kan ein seie seg godt fornøgde med, sa Myklebust.
Arbeid over og under bakken
Prosjektet har ikkje berre handla om det som er synleg over bakken. Mykje av arbeidet har skjedd under bakken, noko prosjektsjefen i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torbjørn Vatnehol, forklarte under opninga.
- Det er liten tvil om at det har blitt flotte gater. Men de som har ferdast i området medan entreprenøren har jobba, har sett at det meste av arbeidet har skjedd under asfaltdekket. Strekninga som no er ferdig er på ca. 750 meter. Men under bakken har vi lagt om lag 18 km med kablar og rør.
Vatnehol takka Norconsult og hovudentreprenør Mesta AS for godt samarbeid. Vidare takka han innbyggjarane for godt samarbeid og tolmod, spesielt dei som bur eller driv næring tett på anleggsområdet.
Prosjektet har inkludert fleire tiltak som gir både tryggleik og betre framkome:
- Nye, raude sykkelfelt på begge sider av vegen
- Oppgraderte fortau og breiare køyrefelt
- Betre belysning og oppgraderte busstopp
- Nye leidningar for vatn og avløp, samt fjerning av direkteutslepp
Opninga blei feira med kake og bollar til dei frammøtte, musikalske innslag frå Skarbøvika barnehage og ein tydeleg bodskap: Skarbøvika er no tryggare og betre for alle trafikantar.